mini|Vaksen kvinandhann. mini|Kvinandegg.

Kvinand er ein fugl i undergruppa dukkender i andefamilien.

Kjenneteikn Kvinanda er ei middelsstor kompakt dukkand med eit stort hovud med snev av topp på. Totallengda er 40–48 cm, og vengespennet 62–77 cm. Fuglen veg 500–1300 gram. Nebben er liten og trekanta, augene gule. Hannen i praktdrakt har ei svartkvit drakt og eit glinsande grønsvart hovud med ein stor kvit flekk mellom nebben og auga. Om sommaren vert hannen meir lik hoa, men har mørkare brunt hovud, og ofte viser litt av praktdrakta att på vengane. Hoa har grå kropp, kvit buk, brunt hovud og ein varierande kvit halsring. Den grå nebben har ein gul og svart nebbspiss. Unge individ liknar hoa, men har ikkje halsband, dei er mørke auge og er brunare på kroppåen og nebben manglar gult. I flukt har både hann og ho eit kvitt felt på indre del av vengen, på hoa er dette delt av fleire mørke band.

Læte I flukt lagar kvinanda lyd med vengane, denne læt som hyhyhyhy og kan høyrast på langt hald, særleg hannen sin lyd. Denne kvinande læta er opphavet til namnet på fuglen. I paringsspelet gir hannen frå seg ein kvekkande lyd som minner om lyden når ein dreg ein finger langs ein kam. Hoa læt frå seg eit grar på hekkeplassen.

Utbreiing og taksonomi Arten har ei sirkumpolar utbreiing med unntak av Grønland, og hekkar i taigaregionen i både Eurasia og Nord-Amerika. Mesteparten av verdspopulasjonen er trekkfuglar.

Kvinanda vert delt opp i to underartar: Bucephala clangula clangula - nominatforma hekkar i det nordlege Eurasia og overvintrar så langt sør som Middelhavet, Persiabukta og det sørlege Kina. Bucephala clangula americana – hekkar i Nord-Amerika så langt sør som California og Florida.

Biotop og leveområde i Noreg Den norske hekkebestanden ligg truleg på 10 000–20 000 par. Tettast bestand finst ved innsjøar og stiltrennande elvar i skogområda på Sør- og Austlandet, og nordover gjennom Trøndelag. I Nord-Noreg finst arten meir spreidd, og på Vestlandet hekkar kvinanda sjeldan.

Føde Kvinanda et små fisk, sniglar, krepsdyr, plantedeler og insekt samt insektlarver. Fuglane kan dukke så djupt ned som åtte meter for å nå byttet.

Hekking Hoa legg 10–12 egg i trehol som er laga naturleg eller av store spetter som svartspett, eller i rugekasser. Ungane forlet reiret og søker vatn straks etter klekking.

Trekkvanar Ein god del kvinender overvintrar i ferskvatn og i grunne sjøområde i Sør-Noreg, elles overvintrar norske fuglar i nordsjølanda og dei vestlege delane av Austersjøen. Mykje kvinand overvintrar i Danmark, både norske og andre. Talet på kvinender som overvintrar i Noreg har auka sidan år 1900.

Kjelder

Norsk Fugleatlas, 1994. Denne artikkelen bygger på «Knipa» frå , den 13. desember 2010.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Andefamilien Kategori:Fuglar i Noreg