Odd Lunde Børretzen () var ein norsk forfattar, musikar, illustratør og omsetjar.
Unge år
Børretzen vart fødd på Fister i noverande Hjelmeland kommune i Rogaland, men flytte til ein nedlagt gard på Grorud i Oslo då han var tre år gamal. Faren Jacob Børretzen var predikant og landssekretær i Norges Finnemisjonsselskap (i dag: Norges Samemisjon). Miljøet Odd voks opp i, var strengt religiøst, noko som prega han sjølv, men han braut med kristendommen tidleg.
Rett etter andre verdskrigen reiste Børretzen til sjøs. Han utdanna seg deretter til telegrafist medan han gjorde verneplikta, før han reiste til sjøs på nytt i fire år. Seinare hadde han ulike strøjobbar, samtidig som han leverte eigne teikningar til aviser og vekeblad. Rundt 1960 vart leiinga i NRK merksame på talenta hans, og deretter hadde han ei rekkje engasjement som radiokåsør og opparbeidde seg raskt eit namn som humorist og entertainer med muntert-vemodige historier og mild satire over nordmenns særleikar og unotar.
Forfattar
Etter ein lang serie radiokåseri hadde han nok materiale til å skriva si fyrste bok, Det norske folks bedrøvelige liv og historie (1968) – ei bok om norsk sjølvgodleik. Boka vart ein stor salssuksess og er seinare komen i fleire nye utgåver. Seinare har han gjeve ut ei rekkje bøker der han har vidareutvikla stilen og motiva i debutboka. I fleire av dei ser me han som ein stor skjêrgards- og båtentusiast med historier frå livet ved norskekysten, helst Sørlandet og Oslofjorden. I andre bøker fortel han om nordmenns triste forhold til alkohol, forholdet vårt til helteskikkelsar og historiske personar. Boka min barndoms verden er vorten filmatisert i Da jeg traff Jesus... med sprettert frå 2007.
Musikar og prisvinnar
Som musikar har han m.a. gjeve ut plate i samarbeid med gitaristen Lars Martin Myhre eller med Alf Cranner. På fleire låtar "snakkar" Odd Børretzen med akkompagnement i bakgrunnen før han tek til med verkeleg song. Han har vunne Spellemannprisen fleire gonger, og i 1996 fekk han Spellemannprisens heiderspris. Av andre prisar han i ulike høve har vunne kan nemnast Gammleng-prisen, Vestfolds litteraturpris, Leonardstatuetten, Edvard-prisen, Alf Prøysens Ærespris, Humanistprisen og Herman Wildenweys poesipris.
Personleg liv
Odd Børretzen var busett i Holmestrand. Han levde i over 30 år saman med bilethoggaren Eva Bødtker-Næss, hans andre ektefelle.
Bøker (utval)
Byen som laget brannbil, 1959 Det norske folks bedrøvelige liv og historie, 1968 Det var greit nok for Noah, 1969 Fra Jomfruland til Lindesnes, 1973 Ytre Oslofjord – og svenskekysten, 1974 Brev fra Frankrike, 1975 – andre norske folkeeventyr, 1975 Reisen til Europas indre, 1975 Indre Oslofjord. Guide for båtfolk, 1976 Kristian Kvart og jeg. Min pubertets by, 1980 (ny utg. 1998) Adam, Christoffer Columbus, Henrik Ibsen og andre store oppdagere, 1983 Berus Eder!, 1985 (ny utg. 1999) Hvordan forstå og bruke en nordmann, 1991 På ville veier, 1993 Synd & skam, 1994 Noen ganger er det all right, 1995 Sang i 150 år, 1996 Min barndoms verden, 1998 Mobiltelefonen, 1998 Gleden ved å ha båt, Tønsberg 2001 Mannen som ikke ville stå opp, barnebok, 2004
Plater (utval) Odd Børretzen, 1974, CD 1996 Odd Børretzen og Alf Cranner i levende live på Sandvika Kino en kald desemberdag i 1973 (sm.m. A. Cranner), 1974, CD 1996 På den ene siden, på den andre siden (sm.m. J. Hougen og T. Osvold), 1976, CD 1996 Noen ganger er det all right, CD 1995 Hva er det de vil? (sm.m. A. Cranner), CD 1996 Vintersang (sm.m. L. M. Myhre), CD 1997 Kelner!, 2002
Kjelder
NBL-artikkel om Børretzen, skriven av Øystein Rottem. Bokmålswikipedia om Odd Børretzen.
kategori:Folk frå Hjelmeland kategori:Folk frå Oslo kategori:Norske musikarar kategori:Vinnarar av Spellemannprisen kategori:Norske illustratørar kategori:Norske forfattarar kategori:Norske omsetjarar Kategori:Døde av lungebetennelse Kategori:Vinnarar av Alf Prøysens Ærespris