Gudbrand Trulsson Kjekstad () var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Norderhov i Buskerud.

Kjekstad var frå storgarden Hønen i Norderhov. Attåt allmugeskulen fekk han privatundervisning av klokkkaren, seinare gjekk han på pensjonatskule hos soknepresten i Norderhov. Peter Christen Asbjørnsen og Jørgen Moe var mellom skulekameratane hans. Han var gardbrukar på garden Frog i heimbygda, men gifta seg i 1837 til garden Kjekstad i Røyken og flytta dit. Han vart omtala som ein særleg interessert bonde, sådde kløver og timotei og dreiv med vatning av engene. På garden bygde han mylne, sagbruk og tjørebrenneri.

Kjekstad var ordførar i Røyken i mange år, og var forlikskommissær fram til 1868. Han representerte Buskeruds amt på Stortinget i 1845 og 1848. Fyrste gongen var han medlem av justiskomite nr 2, siste gongen konstitusjonskomiteen.

Han døydde på garden sin i Røyken i 1872.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1845-1847 Kategori:Stortingsrepresentantar 1848-1850 Kategori:Stortingsrepresentantar for Buskerud Kategori:Ordførarar i Røyken Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Ringerike