Sri Lanka, offisielt Den demokratiske sosialistiske republikken Sri Lanka, er ein tropisk øystat i Asia søraust for India. Nasjonaldagen er 4. februar, dagen då landet vart sjølvstendig frå Storbritannia i 1948.
Sri Lanka har to store folkegrupper, singalesarar og tamilar, som i over tjue år var involverte i ein borgarkrig mot kvarandre. Singalesarane heldt regjeringsmakta i landet, medan opprørsgruppa dei tamilske tigrane kontrollerte nordlege delar av øya. Krigen enda med at opprørarane blei nedkjempa.
Øya har i tidlegare tider vore kjend som Lanka, Lankadvipa, Taprobane, Serendib og Selan. Ho var kjend som Ceylon i kolonitida og fram til landet bytta namn i 1972.
Det høgste fjellet i landet heiter Pidurutalagala.
To av dei viktigaste eksportvarene frå Sri Lanka er kaffi og te. Ceylonte er framleis ein velkjend tetype.
mini|venstre|Kart over Sri Lanka. mini|venstre|portrett|Topografisk kart over Sri Lanka.
Klima Sri Lanka har eit tropisk regnklima. Fjelltoppen Nuwara Eilya på midten av øya fører til at øya får store nedbørsmengder året rundt. Hausten er den våtaste perioden av året, men det kjem òg ein god del nedbør i april-mai når monsunen er på veg nordover. Midt på vinteren kjem det regn om lag kvar tredje dag i Colombo, som har ein årleg nedbørsnormal på 2345 mm. Dei lågareliggande områda i nord er mindre våte, og får lite nedbør om sommaren. Alle områda av øya får likevel minst 1000 mm kvart år.
Merknadar
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Land i Asia Kategori:Øyar i Asia
Kategori:Øyar i Indiahavet Kategori:Sør-Asia