Amund Bredesen () var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Nord-Odal i Hedmark. Han var far til Ole Bredesen.

Bredesen var son av ein gardbrukar. Sjølv kjøpte han garden Oppset i Grue i 1827, og dreiv denne til han døydde. Han vart medlem av det fyrste formannskapet i 1837 og var med livet ut. I 1836 var han 3. representant frå Hedemarkens amt på Stortinget og sameleis på omframstortinget 1836-37. Han var i 1836 medlem av gasje- og budsjettkomiteen, i 1836-37 av gasje- og pensjonskomiteen.

Bredesen døydde på garden sin i Grue i 1842.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1836-1838 Kategori:Stortingsrepresentantar for Hedmark Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Nord-Odal