Christen Larsen Arneberg () var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Romedal i Hedmark.

Arneberg var son av ein gardbrukar i Romedal. Sjølv kjøpte han garden Arneberg i heimbygda. Då han skøytte frå seg garden til sonen sin, budde han eit år på Lillehammer, før han flytta til Arneberg att. Han var ordførar i Romedal og i 1858 medlem av ein kongeleg kommisjon om skysslova.

1851-58 representerte Arneberg Hedemarkens amt på Stortinget. Han var i 1851 medlem av arbeidarkomiteen, medan han var medlem av tollkomiteen både i 1851, 1854, 1857 og på omframstortinget 1858.

Han døydde på slektsgarden i Romedal i 1874.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1851-1853 Kategori:Stortingsrepresentantar 1854-1856 Kategori:Stortingsrepresentantar 1857-1858 Kategori:Stortingsrepresentantar for Hedmark Kategori:Ordførarar i Romedal Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Stange