Jan Rasmussen Sande () var ein norsk sjømann, gardbrukar og stortingsmann frå Nøtterøy i Vestfold.

Far hans var leiglending på garden Sande i Nøtterøy. Sjølv tok han styrmannseksamen i Tønsberg og sigla omkring 1780 som skipper på «Frederikke Sofie» av Nøtterøy. Skipet vart kapra og brent av franskmenn, Frankrike låg då i krig med England. Sande sat deretter i fangenskap i Frankrike i tre år. Sigla som sjømann i mange år. På 1790-talet overtok han farsgarden Sande og dreiv denne, men heldt i mange år og fram som skipper.

Sande var 1. representant for Jarlsberg grevskap på Stortinget i 1821 og på omframstortinget 1822. I 1821 var han medlem av fire komitear, mellom dei var konstitusjonskomiteen, flaggkomiteen, og om navigasjonseksamen i Fredriksvern. Han var i 1821 mellom dei som leverte teikning til eit norsk flagg. Sande skal ha kunne ti ulike språk, mellom dei gresk og latin.

Han døydde 1847 på garden sin i Nøttterøy.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1821-1823 Kategori:Stortingsrepresentantar for Vestfold Kategori:Norske sjømenn Kategori:Norske gardbrukarar Kategori:Folk frå Nøtterøy