Ffynnon Llugwy er ein innsjø i Carneddau-fjella i Snowdonia i Nord-Wales.

Han ligg om lag 544 meter over havet og dekkjer eit område på litt over 16 hektar. På det djupaste er han 45 m.

Innsjøen fungerer som vasskjelde for Anglesey og Bangor, og noko av vatnet vert òg teke frå elva Afon Llugwy til Llyn Cowlyd via ei rekkje mølle-renner.

Afon Llugwy som renn via Capel Curig og Betws-y-coed endar til slutt ut i River Conwy.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ffynnon Llugwy» frå , den 23. desember 2010. oppgav desse kjeldene: "The Lakes of Eryri" by Geraint Roberts, Gwasg Carreg Gwalch, 1985

Kategori:Innsjøar i Wales Kategori:Geografi i Conwy