Jacob S. Worm-Müller eller Jacob Stenersen Worm-Müller () var ein norsk historikar, og son av Jacob Worm-Müller.

Han studerte i fleire år jus, og vart i 1919 dr.philos. på avhandlinga Norge gjennem nødsaarene 1807–10. Han vart dosent i historie ved Universitetet i Oslo i 1919, og professor same stad frå 1928 til 1954. Worm-Müller gav mellom anna ut Boergeneralen Christian de Wet (1902), Krisen efter Napoleonskrigene (1922), Til Norge (1946), Idéer og mennesker (1954). Han var hovudredaktør for Den norske sjøfarts historie (3 bind i 6, 1923–1951) og var redaktør for tidsskriftet Samtiden frå 1925, og frå 1943 til 1945 var han redaktør for The Norseman. Han var formann i Norges Venstrelag frå 1945 til 52 og i Nordmanns-Forbundet frå 1954 til 60.

Worm-Müller var delegat til Folkeforbundets forsamling 1926 og 1927 og deltok i San Francisco-konferansen i 1945. Han var norsk utsendig til fleire av samlinga til SN. Han var ein av dei fremste talarane i Noreg og gjorde ein viktig innsats under den andre verdskrigen, særleg i dei norske sendingane frå BBC.

Verk Dette er eit utval av noko av verka Worm-Müller publiserte. Boergeneralen Christian de Wet. En skildring af Helten og hans Kampe, 1902 Ledende ideer i fransk historieskriving i det 19. århunderede, foredrag på norsk historikermøte 1912, i Samtiden nr. 23, 1912, opptrykt 1954 Norge gjennem nødsaarene. Den norske regjeringskommission 1807–1810, dr.avh. 1918 Christiania og krisen efter Napoleonskrigene, 1922 red. Den norske sjøfarts historie fra de ældste tider til vore dager, 6 bd., 1923–51 Til Norge. Taler og artikler gjennom krigsårene 1939–1945, 1946 Ideer og mennesker. Utvalgte avhandlinger, arbeider og taler, 1954 Etterlatte papirer i Håndskriftsamlingen, UBO

Kjelder

Kategori:Norske historikarar Kategori:Norske redaktørar Kategori:Norske historieprofessorar Kategori:Professorar ved Universitetet i Oslo Kategori:Vitskapsfolk frå Oslo Kategori:St. Olavs Orden Kategori:Leiarar for Venstre Kategori:Nordmenn frå andre verdskrigen