Wong Kar-wai () er ein kinesisk regissør oppvaksen i Hongkong. Han er kjend for sin unike visuelle filmstil, og har regissertfilmar som As Tears Go By (1988), Days of Being Wild (1990), Ashes of Time (1994), Chungking Express (1994), Fallen Angels (1995), Happy Together (1997), 2046 (2004) og The Grandmaster (2013). Wong har vunne ei rekkje prisar i Hongkong og internasjonalt. I 1997 fekk han prisen for beste regissør under Cannes filmfestival for Happy Together.
Wong debuterte i 1988, og vart lagt merke til med den originale Chunking Express (1994), som handlar om to politimenn i Hong Kong og lengselen deira etter kjærleik. Happy Together (1997) skildrar homofil kjærleik hos eksilkinesarar i Argentina.
Filmografi The Grandmaster (2013) My Blueberry Nights (2007) 2046 (2004) In the Mood for Love (Hua yang nian hua) (2000) Happy Together (1997) (Cheun gwong tsa sit) (1997) Fallen Angels (Duoluo Tianshi) (1995) Ashes of Time (1994) Chungking Express (Chonqing senlin) (1994) A Fei jing juen (Days of Being Wild) (1991) As Tears Go By (1988)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Wong Kar-wai» frå , den 24. desember 2010.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kinesiske filmregissørar Kategori:Folk frå Shanghai Kategori:Folk frå Hongkong