mini|500px|Ess-dur-skala E-dur eller Ess-dur er ein durskala som består av tonane E♭, F, G, A♭, tonen B, tonen C og D.

Parallelltonearten er c-moll og varianttonearten er E-moll.

Ess-dur vert ofte assosiert med modig, heroisk musikk, delvis på grunn av måten Beethoven brukte han på. Hans Eroica, Keisarkonserten og Grand Sonate er alle i denne tonearten. Sjølv før Beethoven identifiserte Francesco Galeazzi ess-dur som «ein heroisk toneart, ekstremt majestetisk, alvorleg og seriøs, i alt dette er han overlegen C-dur»Francesco Galeazzi, Elementi teorico-practici di musica (1796) omsett til engelsk i Rita Steblin, A History of Key Characteristics in the Eighteenth and Early Nineteenth Centuries. University of Rochester Press (1996): 111

Tre av hornkonsertane til Mozart og Joseph Haydn sin kjende Trompetkonsert er i ess-dur, og det same er Anton Bruckner sin fjerde symfoni, der han nytta mykje horn i førte sats. Eit anna kjent stykke i ess-dur er Richard Strauss sin Ein Heldenleben (Eit helteliv). Det heroiske temaet frå Jupiter-satsen av Holst sin Planetane er i ess-dur. Mahler sin heroiske åttande symfoni er i ess, og hans andre symfoni enda òg i same toneart.

Ess-dur vart ikkje berre nytta for bombastisk musikk med blåseinstrument. Ess var tonearten Haydn oftast nytta i strykekvartettane sine, ti i alt.Paul Griffiths, The String Quartet. New York: Thames & Hudson (1983): 29

Kjende musikkverk i denne tonearten

Johann Sebastian Bach Cello Suite nr. 4 i Ess-dur, BWV 1010 Ludwig van Beethoven Symfoni nr. 3 i Ess-dur, Op. 55 «Eroica» Pianokonsert nr. 5 i Ess-dur, Op. 73 «Keisaren» Piano Sonate nr. 26 i Ess-dur, Op. 81a «Les Adieux» Alexander Borodin Symfoni nr. 1http://www.youtube.com/watchv=TYtARqj9vUg&feature=PlayList&p=830C60F8C5505824&index=11 Frédéric Chopin Nocturne i Ess-dur, Op. 9 nr. 2 Grande Valse brillante Op. 18 Andante spianato et Grande Polonaise brillante i Ess-dur, Op. 22 Nocturne i Ess-dur, Op. 55 nr. 2 Ludovico Einaudi Primavera av Divenire Gustav Mahler Symfoni nr. 8

Ennio Morricone Once Upon a Time in the West Wolfgang Amadeus Mozart Ouverturen til Tryllefløyten Pianokonsert nr. 9 Pianokonsert nr. 22 Sinfonia Concertante Franz Liszt Pianokonsert nr. 1 Robert Schumann Symfoni nr. 3 i Ess-dur, Op. 97 «Rhinsk» Pjotr Iljitsj Tsjaikovskij 1812-ouverturen Richard Wagner Preludium til Der Ring des Nibelungen Joseph Haydn Strykekvartett i ess, Op. 33 nr. 2, 'Spøken' Isaac Albéniz Eritaña frå Iberia Enrique Granados Los Requiebros frå Goyescas

Kjelder Denne artikkelen bygger på «E-flat major» frå , den 26. desember 2010. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Toneartar

he:סולם מז'ורי#מי במול מז'ור