Symfoni nr. 36 i C-dur, KV 425, (kjend som Linz-symfonien) vart skriven av Wolfgang Amadeus Mozart under eit kort opphald i Linz i Austerrike, då han og kona var på veg tilbake til Wien frå Salzburg seint i 1783. ISMN M-006-20466-3 Heile symfonien vart skriven på fire dagar for ein konsert som den lokale greven heldt då han høyrte at Mozart suklle kome til byen. Premieren i Linz fann stad den 4. november 1783. Verket vart òg framført i Wien den 1. april 1784. Det signerte partituret av Linzsymfonien er ikkje bevart.

Struktur Symfonien er skriven for 2 oboar, 2 fagottar, 2 valthorn, 2 trompetar, pauke og strykarar. Han består av fire satsar:

Adagio, 3/4 — Allegro spiritoso, 4/4 Andante, 6/8 Menuett, 3/4 Finale (Presto), 2/4

Alle satsane bortsett frå menuetten er i sonateform.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Symphony No. 36 (Mozart)» frå , den 27. desember 2010. oppgav desse kjeldene: Bakgrunnen for den 36. symfonien Steinberg, Michael. "The Symphony: a listeners guide". page 153. Oxford University Press, 1995.

Bakgrunnsstoff

36 Kategori:Musikk i 1783