Pianokonsert nr. 4 i G-dur, K. 39, er ein pianokonsert av Wolfgang Amadeus Mozart, skriven i Salzburg i 1767, då Mozart berre var elleve år gammal. Dei fire første pianokonsertane til Mozart vart ikkje i røynda skriven av han sjølv, men dei var arrangement av pianosonatar skrivne av andre komponisertar, som Johann Gottlieb Eckard, Johann Schobart og C.P.E. Bach. Denne måten å komponere på var ganske vanleg på denne tida, og vart på sett og vis rekna som ein måte å ære komponistar på. Denne konserten var den siste av dette slaget for Mozart.
Konserten er skriven for strykarar, piano (eller cembalo) og to horn og to fløyter. Satsane er:
Allegro Andante, i G-moll Molto Allegro
Den første og tredje satsen er basert på musikk av Honauer, og den midtre av Raupach.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
04 Kategori:Musikk i 1767