Grus er ei biologisk slekt av særs store og langbeinte fuglar i tranefamilien. Utbreiingsområdet er i hovudsak Eurasia, i tillegg lever to artar i Afrika og ein i Nord-Amerika. Grus-tranene er trekkfuglar, unntatt dei afrikanske.
Taksonomi Slekta Grus vart først skildra av den franske zoologen Mathurin Jacques Brisson i 1760. Namnet Grus er det latinske ordet for «trane». Den tyske ornitologen Peter Simon Pallas vart nokre gonger kreditert for å ha definert slekta i 1766, men Den internasjonale kommisjonen for zoologisk nomenklatur avgjorde i 1956 at Brisson skulle ha prioritet.
Slekta inkluderte tidlegare fleire artar. Ein molekylær fylogenetisk studie publisert i 2010 fann at slekta Grus, som då definert, var polyfyletisk. I den resulterande omorganiseringa for å lage monofyletiske slekter, vart kanadatrane, kvitnakketrane, sarustrane og brolgatrane flytta til den gjenoppretta slekta Antigone, først skildra av den tyske naturforskaren Ludwig Reichenbach i 1853. Snøtrane vart flytta til den gjenoppretta monotypiske slekta Leucogeranus.
Skildring Dette er svært store fuglar, typisk 95-120 cm i kroppslengde. Vortetrane i Afrika skil seg ut med ei kroppslengd på 175 cm. Som andre traner har medlemmene i Grus særs lange bein og lang hals, og spisse, dolkforma nebb. Dei fleste har fjørdrakt i grått med innslag i kvitt, unntaket er trompetertrane som er mest kvit. Vengene har lange tertiærfjører som ser ut som ein buskete stjert når fuglen står oppreist. To artar, trane og jomfrutrane har ei vid hekkeutbreiing i Eurasia, av dei hekkar trane i Noreg, medan jomfrutrane er ein sjeldan streiffugl i Noreg. Vortetrane og blåtrane hekkar i Afrika. Ein art, trompetertrane, lever i svært innskrenka område i Nord-Amerika. Dei tre øvrige artane har utbreiing på mindre område i Asia. Alle artane er trekkfuglar unntatt dei to afrikanske tranene.
Artsliste Fugleslekta Grus i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V13.1, 2023, med norske artsnamn etter Norske navn på verdens fugler. IUCN-kategori er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist.
Slekt Grus Vortetrane, Grus carunculata, Wattled crane, (Gmelin, JF, 1789), (VU) Blåtrane, Grus paradisea, Blue crane, (Lichtenstein, AAH, 1793), (VU) Jomfrutrane, Grus virgo, Demoiselle crane, (Linnaeus, 1758), (LC) Japantrane, Grus japonensis, Red-crowned crane, (Müller, PLS, 1776), (VU) Trompetertrane, Grus americana, Whooping crane, (Linnaeus, 1758), (EN) Trane, Grus grus, Common crane, (Linnaeus, 1758), (LC) Kvithovudtrane, Grus monacha, Hooded crane, Temminck, 1835, (VU) Svarthalstrane, Grus nigricollis, Black-necked crane, Przevalski, 1876, (NT)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Grus (genus)» frå , den 4. juni 2023 Winkler, D. W., S. M. Billerman, and I. J. Lovette (2020). Cranes (Gruidae), version 1.0. In Birds of the World (S. M. Billerman, B. K. Keeney, P. G. Rodewald, and T. S. Schulenberg, Editors). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.gruida1.01 Kjelde for utbreiingsområde og trekkvaner for dei ulike traneartane
Referansar
Bakgrunnsstoff
kategori:tranefamilien kategori:fugleslekter