Patrouillen var eit liberalt opposisjonsblad utgitt i Christiania i tida 1824-32. Størstedelen av tida kom det som vekeblad. Bak bladet stod Ludvig Mariboe, som sjølv skreiv det meste av det originale stoffet. Frå 1827 gav bladet utførlege referat frå forhandlingane i Stortinget, noko som til dess ikkje hadde vore gjort. Opplaget var i 1826 på 300 eksemplar.
Frå 1824 brukte Patrouillen oktavformat, men i 1828 blei dette endra til det meir avisliknande folioformatet.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske aviser etter namn Kategori:Tidlegare norske aviser Kategori:Aviser skipa i 1824 Kategori:Aviser nedlagde i 1832 Kategori:1824 i Noreg Kategori:1832 i Noreg