Eurovision Song Contest 2011 (ESC 2011) var den 56. gongen Eurovision Song Contest vart arrangert. Tevlinga vart halden i Düsseldorf Arena i Düsseldorf i Tyskland. Den fyrste semifinalen fann stad tysdag 10. mai, den andre semifinalen fann stad torsdag 12. mai og finalen fann stad laurdag 14. mai. Aserbajdsjan vann tevlinga med songen «Running Scared», sungen av Ell & Nikki.

Austerrike, som sist deltok i 2007, Ungarn, som sist deltok i 2009, San Marino, som sist deltok i 2008, og Italia, som sist deltok i 1997, kom attende til tevlinga.

Italia, som enda på andreplass, og Tyskland, som enda på tiandeplass, var dei einaste medlemmane av «Dei fem store» som vart mellom dei ti beste, med Storbritannia tett bak på ein ellevteplass. Resten av «Dei fem store», Frankrike og Spania, enda på høvesvis 15. og 23. plass.

Arena 12. oktober 2010 vart ESPRIT arena i Düsseldorf annonsert av den tyske kringkasteren Norddeutscher Rundfunk (NDR) som arena for Eurovision Song Contest 2011. Arenaen vart kalla Düsseldorf Arena under arrangementet. Det var den fyrste gongen Eurovision Song Contest vart arrangert i Tyskland sidan gjenforeininga mellom Vest-Tyskland, som arrangerte tevlinga i 1957 og 1983, og Aust-Tyskland, som aldri har delteke. Tyskland er òg den fyrste medlemen av «Dei fem store» som arrangerte tevlinga.

Moglege vertsbyar 23 byar hadde gjort klår vilkåra for å arrangere tevlinga. Åtte av desse, Berlin, Hamburg, Hannover, Gelsenkirchen, Düsseldorf, Köln, Frankfurt am Main og München, fortsette å vise interesse som vertsby for arrangementet. 21. august 2010 offentleggjorde NDR at fire av desse hadde offisielt søkt om å få arrangere tevlinga i 2011: Berlin, Hamburg, Hannover og Düsseldorf.

Berlin: Tempelhof internasjonale lufthamn Düsseldorf: ESPRIT arena Hamburg: Hamburg Exhibition Centre Hanover: Hanover Exhibition Centre

ESPRIT arena Avisa Der Westen annonserte at bygging og demonteringsarbeid på ESPRIT arena ikkje måtte ta meir enn seks veker. Under Eurovision Song Contest hadde arenaen ein kapasitet på 24 000. Düsseldorf hadde 23 000 hotellsenger og 2 000 ekstra senger i områda rundt Düsseldorf og på skip på Rhinen. Düsseldorf internasjonale lufthamn ligg i nærleiken, og ein friidrettsarena nær EESPRIT Arena vart nytta som pressesenter for 1 500 journalistar. Annonsebanner vart fjerna frå arenaen, og personar som hadde sesongbillett til fotballkampar for Fortuna Düsseldorf vart kompensert. Opphavleg vart det rapportert at Paul-Janes-Stadion ville verte oppgradert til 2. Bundesliga-krav. I staden vart ein mobil arena bygd ved sidan av ESPRIT Arena for tre millionar euro, med ein kapasitet på rundt 20 000. Han vart nytta til tre andredivisjonskampar.

Arrangementkonsept og billettsal 13. oktober 201, skisserte Thomas Schreiber, koordinator ved ARD, detaljane for arrangementkonseptet. ESPRIT Arena vart delt i to delar, åtskilt frå kvarandre. På den eine sida av stadion vart scena installert, medan den andre sida fungerte som garderobar for deltakarane. Ein friidrettsarena ved sidan av ESPRIT Arena fungerte som pressesenter for arrangementet. ESPRI Arena hadde komfortable sete relativt nær scena som skapte ein innandørsarrangement-atmosfære.

Billettsalet til finalen starta 12. desember 2010 klokka 12.12 lokal tid på nettstaden dticket.de, som var den einaste autoriserte seljaren av billettar til Eurovision Song Contest 2011. Dei 32 000 billettane vart selte ut i løpet av mindre enn seks timar. Billettar til semifinalane vart sett på sal i midten av januar, då det vart kjend kva for land som skulle deltake i kvar semifinale.

Bidraga Semifinale 1 Semifinale 1 vart halden 10. mai 2011 i Düsseldorf Arena. Spania og Storbritannia kunne røyste i denne semifinalen, i tillegg til landa som deltok. Serbia, Russland, Sveits, Georgia, Finland, Island, Ungarn, Litauen, Aserbajdsjan og Hellas gjekk vidare til finalen.

# Land Artist Song Språk Poeng Plass 01 Magdalena Tul «Jestem» Polsk 18 19 02 Stella Mwangi «Haba Haba» Engelsk og swahili 30 17 03 Aurela Gaçe «Feel the Passion» Engelsk og albansk 47 14 04 Emmy «Boom Boom» Engelsk 54 12 05 Yüksek Sadakat «Live It Up» Engelsk 47 13 06 Nina «Čaroban» Serbisk 67 8 07 Aleksej Vorobjov «Get You» Engelsk og russisk 64 9 08 Anna Rossinelli «In Love for a While» Engelsk 55 10 09 Eldrine «One More Day» Engelsk 74 6 10 Paradise Oskar «Da Da Dam» Engelsk 103 3 11 Glen Vella «One Life» Engelsk 054 11 12 Senit «Stand By» Engelsk 34 16 13 Daria Kinzer «Celebrate» Engelsk 41 15 14 Sigurjón's Friends «Coming Home» Engelsk 100 4 15 Kati Wolf «What About My Dreams?» Engelsk og ungarsk 72 7 16 Homens Da Luta «A luta é alegria» Portugisisk 22 18 17 Evelina Sašenko «C'est ma vie» Engelsk og fransk 81 5 18 Ell & Nikki «Running Scared» Engelsk 122 2 19 Loúkas Jórkas og Stereo Mike «Watch My Dance» Gresk og engelsk 133 1

Semifinale 2 Semifinale 2 vart halden 12. mai 2011 i Düsseldorf Arena. Frankrike, Tyskland og Italia kunne røyste i denne semifinalen, i tillegg til landa som deltok. Bosnia-Hercegovina, Austerrike, Ukraina, Moldova, Sverige, Slovenia, Romania, Estland, Danmark og Irland gjekk vidare til finalen.

# Land Artist Song Språk Poeng Plass 01 Dino Merlin «Love in Rewind» Engelsk og bosnisk 109 5 02 Nadine Beiler «The Secret Is Love» Engelsk 69 7 03 3JS «Never Alone» Engelsk 13 19 04 Witloof Bay «With Love Baby» Engelsk 53 11 05 TWiiNS «I'm Still Alive» Engelsk 48 13 06 Mika Newton «Angel» Engelsk 81 6 07 Zdob şi Zdub «So Lucky» Engelsk 54 10 08 Eric Saade «Popular» Engelsk 155 1 09 Khrístos Mylórdos «San ággelos s'agápisa» Gresk 16 18 10 Poli Genova «Na inat» Bulgarsk 48 12 11 Vlatko Ilievski «Rusinka» Makedonsk, engelsk og russisk 36 16 12 Dana International «Ding Dong» Hebraisk og engelsk 38 15 13 Maja Keuc «No One» Slovensk 112 3 14 Hotel FM «Change» Engelsk 111 4 15 Getter Jaani «Rockefeller Street» Engelsk 60 9 16 Anastasia Vinnikova «I Love Belarus» Engelsk 45 14 17 Musiqq «Angel In Disguise» Engelsk 25 17 18 A Friend In London «New Tomorrow» Engelsk 135 2 19 Jedward «Lipstick» Engelsk 68 8

Finalen mini|100px|Frimerket. Finalen vart halden 14. mai 2011 i Düsseldorf Arena i Düsseldorf. Aserbajdsjan vann tevlinga for fyrste gong. Berre Tyskland, som òg var vertsland, Frankrike, Spania, Storbritannia og Italia, kjend som «Dei fem store», var automatisk kvalifisert til finalen. I tillegg til desse deltok dei ti beste landa frå kvar semifinale. Ell & Nikki fekk seinare prisen Peace and Friendship Award fordi Nigar Camal bar eit tyrkisk flagg på scena under vinnarframføringa. Aserbajdsjan og Tyskland prenta frimerke med Eldar Qasımov og Nigar Camal på.

# Land Artist Song Språk Poeng Plass 01 Paradise Oskar «Da Da Dam» Engelsk 57 21 02 Dino Merlin «Love in Rewind» Engelsk og bosnisk 125 6 03 A Friend In London «New Tomorrow» Engelsk 134 5 04 Evelina Sašenko «C'est ma vie» Engelsk og fransk 63 19 05 Kati Wolf «What About My Dreams?» Engelsk og ungarsk 53 22 06 Jedward «Lipstick» Engelsk 119 8 07 Eric Saade «Popular» Engelsk 185 3 08 Getter Jaani «Rockefeller Street» Engelsk 44 24 09 Loúkas Jórkas og Stereo Mike «Watch My Dance» Gresk og engelsk 120 7 10 Aleksej Vorobjov «Get You» Engelsk og russisk 77 16 11 Amaury Vassili «Sognu» Korsikansk 82 15 12 Raphael Gualazzi «Madness of Love» Italiensk og engelsk 189 2 13 Anna Rossinelli «In Love For A While» Engelsk 19 25 14 Blue «I Can» Engelsk 100 11 15 Zdob şi Zdub «So Lucky» Engelsk 97 12 16 Lena «Taken by a Stranger» Engelsk 107 10 17 Hotel FM «Change» Engelsk 77 17 18 Nadine Beiler «The Secret Is Love» Engelsk 64 18 19 Ell & Nikki «Running Scared» Engelsk 221 1 20 Maja Keuc «No One» Slovensk 96 13 21 Sigurjón's Friends «Coming Home» Engelsk 61 20 22 Lucía Pérez «Que me quiten lo bailao» Spansk 50 23 23 Mika Newton «Angel» Engelsk 159 4 24 Nina «Čaroban» Serbisk 85 14 25 Eldrine «One More Day» Engelsk 110 9

Røystegjeving Semifinale 1 DeltakarlandPoenggjevande landSumPlass3      4     4 2   51819111   2 84  10 2 1  3017   8  6   87  4 212 47142  7 8 8 77 4    835412  12  253 210     12  14713672  412 733125 13  2678 431236 53 15333553 64936 3 2  6  26856  6255105  81045 182  1 12810 7461012 6131210   3126873 461033 26725  6 124 2 17  5411  855   1 61    62 3416  7  121   1241   4  4115410 2 838 10   12108 61271004 5  610   121 67   51010727  4    42       1832218128 4 173102   256 45128158 5 12 10112510510877107141222711010476774568 1012410781331

12 poeng i semifinale 1 Under er lista over landa som fekk 12 poeng i semifinale 1: AntallLand som fekk 12 poengLand som gav 12 poeng3Island, Noreg, Russland2Georgia, TyrkiaSpania, UngarnMalta, SerbiaPolen, StorbritanniaKroatia, SveitsAlbania, Aserbajdsjan1HellasLitauenPortugalSan MarinoArmeniaFinland

Splitta jury/telefonrøysting-resultat

Plass Telefonrøysting Poeng 1 154 2 124 3 111 4 93 5 90 6 79 7 75 8 73 9 56 10 54 11 52 12 45 13 42 14 42 15 39 16 32 17 25 18 24 19 8

Plass Jury Poeng 1 113 2 109 3 104 4 102 5 86 6 84 7 76 8 74 9 74 10 65 11 61 12 58 13 51 14 49 15 33 16 31 17 29 18 13 19 6

Semifinale 2 DeltakarlandPoenggjevande landSumPlass12104124 8  12 12  527 1074109573 51 4410 17 2  521125697  8     5           1319816  6 26 2281 3  6 2531163 3127   3 33 3  5  48134   1083536862712 1   6816    4   254 12 101 4 575410510121275312 21257128712812131551     6             281618 221  51101 4    413410481210    71   38  7     3616  52   51 7 4 6   7 138151288 8 4 78106105 486531123 64106 1278147 6 56386121114 5 6 8 6 4 5  183104 6092   11010 3 8  146    4514 4     2      82 27  2517177733212612 10105104121221013523 1522 10 7  163 1010 8688

12 poeng Under er lista over landa som fekk 12 poeng i semifinale 2: AntallLand som fekk 12 poengLand som gav 12 poeng7Belgia, Danmark, Estland, Frankrike, Israel, Kypros, Nederland5Austerrike, Makedonia, Slovakia, Slovenia, Serbia4Bulgaria, Irland, Latvia, Sverige2Italia, Moldova1TysklandRomaniaUkrainaBosnia-HercegovinaKviterussland

Splitta jury/telefonrøysting-resultat

Plass Telefonrøysting Poeng 1 159 2 131 3 121 4 115 5 91 6 78 7 68 8 61 9 54 10 52 11 51 12 50 13 46 14 43 15 43 16 40 17 33 18 23 19 17

Plass Jury Poeng 1 146 2 129 3 99 4 95 5 85 6 83 7 76 8 71 9 71 10 66 11 65 12 59 13 53 14 47 15 38 16 36 17 24 18 22 19 11

Finalen DeltakarlandPoenggjevande landSum       12  10  5 57 2   5           1 3  7  57 284   4 12    12 8 7 1210123 5127  7           125 712 3  7  1265  31046 8    7  1  5    12 1010  61342      3    6  12        12 72 1      101    763     412   5   2 5  2     28  7       6    53 35   10   4812124112 8            86  2 7   7101191 10 10161046710310   6 344 61101443 6 10 545121234185     272     2                    7 7 5 62444810 2126  73       8108  2 6 3  810  8      18120 4  28  8 1       54   14 4 5 4  36   855 773  1754 5        3     122  6  212  4 10  212182    1 3 613 7 610 12313 410782 361210104106512 6 612189           410             5               19412 1043 1252  3   2 516 2 1  2 673 3 6 1 4 51007  8 7     58 5   47    54  712  5 4 8    197  76   5  6  81046   7384 3 18     23 3   58107 6412         41    6 5           1  1861121077 51   1 32 321  4 12 517 3  3   2 2 7      6412 6 8105   87  88310   121586 106108128788  4810322215 2 6    10 1 73  11  2    1012 4 316 122 32  396   5  88    46  1     10         412 1 2    61         4 21       2 3  12   55 12      4  50108 75   127 12   22  1267 710 65102347     7 8 159  33  2618    76 5  10 6    8  1   510 4    8561   12  10      7 7 10 8 8    12    512   237 110

12 poeng i finalen Under er lista over landa som fekk 12 poeng i finalen. Heile 20 av dei 25 finalelanda fekk minst éin tolvar, noko som framleis er rekord per 2019. Blant dei fem som ikkje fekk nokon 12-poengar var Tyskland med fjorårsvinnaren Lena Meyer-Landrut.