Karl Akre () var ein norsk lærar og stortingsmann frå Alta i Finnmark. Han representerte Venstre.

Akre var son til ein gardbrukar. Han var lærar i Alta frå 1859, lærar og kyrkjesongar i Kjelvik i 1862. Året etter vart han uteksaminert frå Tromsø seminar. I 1865 vart han tilsett som andrelærar ved folkeskulen i Vadsø, fyrstelærar frå 1884. Styrar ved skulen i 1911.

Akre var medlem av bystyret i Vadsø frå 1869 til 1910. Han var formann i skulestyret og forlikskommissær. I 1875 gav han og Ananias Brune ut to nummer av bladet Finnmarkingen på eit landsmål prega av nordnorsk dialekt. Ottar Grepstad meiner Akre «må ha vore ein av dei første folkevalde som sette landsmålet på prent».Grepstad, Ottar:Avisene som utvida Noreg, s. 44

Perioden 1886-88 var Akre valkrinsen Hammerfest, Vardø og Vadsø sin representant på Stortinget. Der var han medlem av konstitusjonskomiteen.

Akre døydde i Vadsø i 1912.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914 Grepstad, Ottar: Avisene som utvida Noreg. 2010

Notar

Kategori:Stortingsrepresentantar 1886-1888 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Venstre Kategori:Lokalpolitikarar i Vadsø Kategori:Venstrepolitikarar i Finnmark Kategori:Norske pedagogar Kategori:Norske redaktørar

Kategori:Folk frå Alta