Rock of the Westies er det tiande studioalbumet til Elton John. Albumet vart gjeve ut i 1975 og vart produsert av Gus Dudgeon. Det er det sjuande albumet på rad som kom på fyrsteplass på albumlista Billboard 200 i USA. Albumet var mindre populært i heimlandet Storbritannia der det nådde femteplassen.
Rock of the Westies inneheld singelen «Island Girl» som òg gjekk til topps i USA. Albumet var det første på lang tid der trommeslagar Nigel Olsson og bassist Dee Murray ikkje spelte med John, etter at dei fekk sparken over telefon av John sjølv. Dette gav musikken på albumet ein litt hardare stil, som skuffa mange tilhengjarar. Den neste singelen frå albumet, «Grow Some Funk of Your Own»/«I Feel Like a Bullet (In the Gun of Robert Ford)»), selde derfor noko dårlegare.
Songen «Hard Luck Story» hadde alt vorte spelt inn av Kiki Dee og gjeven ut som singel eit år tidlegare. Denne og «Don't Go Breaking My Heart» er tilskriven Ann Orson/Carte Blanche (An horse and cart, Blanche), eit aukenamn Elton John nytta når han skreiv både musikk og tekst på eiga hand. Ann Orson vart òg nytt som namn på ein korvokalist som ein trur er Elton John sjølv.
Labelle syng korvokal på opningssongen «Medley (Yell Help/Wednesday Night/Ugly)».
Sjølv om musikken på Rock of the Westies ikkje fekk så god kritikk då albumet kom ut, har det gjennom åra vorte sett i eit betre lys og vert i dag rekna som det siste «store» albumet frå denne tida av karrieren hans. I USA selde albumet til gullplate i 1975 og til platina i 1993.
Utanfor USA og Canada var dette det siste originale studioalbumet frå John på DJM Records, sidan han etter dette gav ut platene sine på sitt eige Rocket Records.
Songen «Street Kids» vart nytta i videospelet Grand Theft Auto IV frå 2008.
Sporliste
Medverkande Elton John – piano (alle utanom 8), vokal Ray Cooper – tamburin (1, 3, 5, 6, 9), kubjølle (1, 9), congatrommer (1, 3, 6, 7, 8), jawbone (1), marimba (3), kastanjettar (4), bjølletre (4), vibrafon (4, 5, 8), shaker (8), vindklokker (8), maracas (9), pauker (9) Kiki Dee – korvokal (2, 3, 4, 6-9) Clive Franks – korvokal (8) Davey Johnstone – elektrisk gitar (1, 3, 4, 5, 7, 8, 9), korvokal (2, 3, 4, 6, 8), rytmegitar (2, 6), voice bag (2), Ovation-gitar (3), banjo (3), slidegitar (3, 6), akustisk gitar (4, 5), gitarsolo (5) LaBelle – korvokal (1) James Newton-Howard – cembalo (1), ELKA Rhapsody string synthesizer (1), ARP synthesizer (1, 3), Hohner clavinet (2), mellotron (3), elektrisk piano (4, 5, 7, 8, 9), synthesizer (4, 5, 9) Ann Orson – korvokal (1, 2, 3, 6, 8, 9) Kenny Passarelli – bassgitar, korvokal (2, 3, 4, 6, 7) Roger Pope – trommer (1-5, 7-9) Caleb Quaye – elektrisk gitar (1, 2, 4, 5, 7, 8, 9), korvokal (2, 3, 4, 6, 7, 8), akustisk gitar (3, 4, 5), rytmegitar (6), sologitar solo (6)
Produksjon Gus Dudgeon – produsent Jeff Guercio – lydteknikar Mark Guercio – assisterande lydteknikar Arun Charkraversty – mastering John Tobler – notat i osmlaget Terry O'Neill – fotografi David Larkham – kunstnarisk leiar og design
Salslister
Vekeslister Liste (1975)Peak positionAustralske Kent Music Report Albums Chart4Den kanadiske RPM-listaLibrary and Archives Canada. Henta 13. mai 20181Den danske albumlistahttp://danskehitlister.dk/?song_id=23083Den finske albumlista25Den franske SNEP-lista5Den italienske albumlista16Japanese Oricon LP Chart47Den newzealandske albumlista4Norske VG-lista6Den spanske albumlista 8Den svenske albumlista6UK Albums Chart5US Billboard 2001Den vesttyske Media Control-lista33
Årslister Liste (1975)PlasseringDen australske albumlista37Den kanadiske albumlista11Den franske albumlista81Den italienske albumlista58Liste (1976)PlasseringDen australske albumlista52Den kanadiske albumlista31US Billboard Year-End37
Salstrofé
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Rock of the Westies» frå , den 23. januar 2011.
Bakgrunnsstoff Rock of the Westies på Allmusic
Kategori:Elton John-album Kategori:Musikkalbum frå 1975 Kategori:Album produserte av Gus Dudgeon Kategori:DJM Records-album Kategori:MCA Records-album Kategori:Album spelte inn i Trident Studios