Stein Versto () er ein norsk forfattar, lyrikar, forlagsredaktør og hardingfelespelemann frå Vinje. Han er tilsett i Litterær avdeling i Det Norske Samlaget. Fleire av tekstane hans har Odd Nordstoga tonesett.

Versto debuterte som forfattar med novellesamlinga Ho blei borte i trappene, som vart prisløna med Tarjei Vesaas' debutantpris i 1990.

Spelemannen Som spelemann på hardingfele har Stein Versto særleg interessert seg for felespelet i Vest-Telemark. Han har lært mest av Eivind Mo frå Rauland. I 2011 kom han ut med ein solo-CD der han spilar slåttar av og etter brørne Olav Groven og Eivind Groven. Plata har fått namnet Urjen etter ein av dei slåttane som Olav Groven sette sin stempel på. Versto har slåtten i tradisjon etter Eivind Mo, som var mykje saman med Olav Groven i unge dagar og tok sterke inntrykk av han. Olav Groven døydde berre 33 år gamal.

På CD-en finn ein òg fleire av slåttane som Eivind Groven skapte, mellom anna storslåttane Sumarmorgon, Brønnslåtten og Regndagen. Versto har teke inntrykk av framføringar med komponisten sjølv på hardingfele, og han har sett på noteoppskrifter. Eïn av Eivind Grovens slåttekomposisjonar, «Kvelding», har Versto lært av Eivind Mo, som hadde han etter Olav Groven som igjen hadde han etter den yngre broren, Eivind. Eivind laga slåtten i 1924. Slåtten er blitt noko omforma på vegen frå fele til fele. Det er interessant å samanlikne opptak med opphavsmannen med framføringa av slåtten slik han er spela av Versto i 2011.

Med plata fylgjer eit hefte om slåttekjeldene, slåttane og om det sterke bandet som lyrikaren Versto opplever mellom musikk og natur.

Verkliste Ho blei borte i trappene – Noveller (1990) Innfalda tid, minne – Dikt (1995) Snø i partituret – Dikt (2000) Nidaros – Roman (2013)

Solo-CD med hardingfelespel 2011 Urjen, CD med hardingfeleslåttar av og etter Eivind Groven og broren Olav Groven

Prisar Tarjei Vesaas' debutantpris 1990, for Ho blei borte i trappene

Bakgrunnsstoff Digitaliserte bøker av Stein Versto hjå Nasjonalbiblioteket Utgjevingar av Stein Versto i BIBSYS Ask

Kategori:Folk frå Vinje Kategori:Forfattarar frå Telemark Kategori:Norske novelleforfattarar Kategori:Norske romanforfattarar Kategori:Norske lyrikarar Kategori:Nynorskforfattarar Kategori:Norske skjønnlitterære debutantar i 1990 Kategori:Vinnarar av Tarjei Vesaas' debutantpris