Ivan Andrejevitsj Krylov () var ein russisk fabeldiktar, svært populær i Russland. Han skreiv over 200 fablar.
Krylov var fødd i Moskva. Han skreiv og gav ut fleire tidsskrift frå 1789. Her publiserte han forteljingar som Pokhvalnaja retj v pamjat moemu dedusjke (1792). 1805-1810 omsette han fablar av Jean de La Fontaine frå fransk til russisk. År 1806 debuterte han med sine eigne fablar.
Det finst ingen moral i Krylovs fablar, men han gjorde ofte narr av byråkrati, korrupsjon og slektshovmod. Ein av fablane hans handlar om gjæser som sette nebben i veret og ikkje ville verte slakta, ettersom forfedrane hadde kakla på Capitol og redda Roma frå gallarane.
Krylovs språk er folkeleg, rikt og treffsikkert.
Verk på norsk Fabler, 1978
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Ivan Krylov» frå , den 24. januar 2011.
Kategori:Russiske forfattarar Kategori:Folk frå Moskva