Remi Andersen () er ein tidlegare langrennsløpar. Han var svært lovande som junior med sølvmedalje og fjerdeplass under junior-VM 1993. På 30 km vart han då berre slegen av landsmannen Kjetil Juul Pedersen, men kom klart føre bronsemannen Mathias Fredriksson frå Sverige.
Karriere Andersen vann som senior to sølvmedaljar under noregsmeisterskap. I 1996 vart han berre slegen av Thomas Alsgaard på tremila, og i 2000 var det einast Tore Olsen som gjekk fortare på NM-femmila i Vang i Hedmark. Han debuterte i verdscupen i 1995 med femmila i Holmenkollen og vart nummer 57. Den beste plasseringa hans i verdscupen vart ein niandeplass i Nove Mesto i 2002. Andersen tevla for Bækkelagets Sportsklubb.
Besteplasseringar i verdscuprenn 1996: Nr 16 på 10 km i Falun 1999: Nr 12 på 50 km i Holmenkollen 2000: Nr 21 på 72 km i Lamoura Mouthe 2002: Nr 9 på 15 km i Nové Město 2005: Nr 12 på 15 km i Nové Město
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1994: Nr 12 på 30 km i Vegårshei Ski-NM 1995: Nr 8 på jaktstarten i Oslo Ski-NM 1996: Sølvmedalje på 30 km i Stryn Ski-NM 1997: Nr 11 på 30 km i Mo i Rana Ski-NM 1998: Nr 5 på både 30 km i Berkåk og på 50 km i Alta Ski-NM 1999: Nr 4 på 50 km i Høylandet Ski-NM 2000: Sølvmedalje på 50 km i Vang Ski-NM 2001: Nr 8 på 50 km i Steinkjer Ski-NM 2002: Nr 6 på 10 km på Høydalsmo Ski-NM 2005 Nr 6 på 15 km på Lillehammer Ski-NM 2008 Nr 11 på 15 km i Trondheim
Kjelder Sportsboken, aktuelle årgangar
Bakgrunnsstoff
Kategori:Norske langrennsløparar