«Piece of My Heart» er ein song skriven av Jerry Ragovoy og Bert Berns og opphavleg spelt inn av Erma Franklin i 1967. Songen vart kjend for eit større publikum då Janis Joplin og Big Brother and the Holding Company spelte songen i 1968 for albumet deira Cheap Thrills. Denne versjonen vart ein hitt. Songen har sidan vorte spelt inn av mange andre, mellom anna med hitversjonar av Faith Hill i 1994 og Melissa Etheridge i 2005.

I 2004 vart Big Brother and the Holding Company-versjonen av songen rangert på 344. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene. Songen er òg på lista til Rock and Roll Hall of Fame over dei 500 songane som forma rockehistoria.

Versjonar på listene Originalinnspelinga til Erma Franklin: 1967 Originalversjonen av «Piece of My Heart» vart spelt inn av den eldre systera til Aretha Franklin, Erma i 1967. Songen nådde Topp 10 på R&B-lista i USA og 62. plass på den offisielle singellista. Singelen vart gjeven ut på ny i 1992 etter at han hadde vorte nytta i ein reklame for Levi's jeans. Han nådde då 9. plass i Storbritannia.

Big Brother and the Holding Company: 1968 Songen vart ein større pophit då han vart spelt inn av Big Brother and the Holding Company i 1968, med songaren Janis Joplin. Songen var henta frå albumet deira, Cheap Thrills, frå 1968 og gjeven ut på Columbia Records. Denne utgåva nådde 12. plassen på den amerikanske singellista.

Franklin sa i eit intervju at då ho først høyrde Joplin si utgåve av songen på radio, så gjenkjente ho han ikkje på grunn av vokalarrangementet. Kulturforfattaren Ellen Willis skreiv om skilnaden: «Når Franklin syng han, er det ei utfordring: uansett kva du gjer mot meg, så lèt eg deg ikkje øydelegge evna mi til å vere menneske, til å elske. Joplin ser ut til å sei at, ganske sikkert at om eg stadig tar i mot dettte, om eg set eit eksempel med kjærleik og tilgjeving, så vil han heilt sikkert forså, endre seg og gje meg tilbake det eg har gjeve». Slik sett nyttar Joplin blues-metoden for å ikkje overgå smerte, men «å skrike ut han ut».The Rolling Stone Illustrated History of Rock & Roll, "Janis Joplin". Random House, 1980

Dusty Springfield: 1968 Den britiske kvinnelege vokalisten Dusty Springfield gav ut songen som «Take Another Little Piece of my Heart» på albumet hennar Dusty... Definitely i 1968.

Sammy Hagar: 1981 Ein meir rocka utgåve av songen vart innspelt av Sammy Hagar, og gjeven ut på albumet hans, Standing Hampton, i 1981. Han vart gjeven ut som singel og nådde 73. plass i USA.

Rough Cutt: 1984 Ein annan hardrockversjon av bandet Rough Cutt på Rough Cutt frå 1984.

Jenny Morris: 1990 New Zealand-songaren Jenny Morris spelte songen i 1990, og han vart ein hitt i Australia der han nådde 24. plass.

Faith Hill: 1993 Countryartist Faith Hill spelte songen på debutalbumet hennar, Take Me as I Am (1993). Denne gjekk heilt til topps i USA i 1994. Hill-utgåva tok ein meir passiv tone i lag med tradisjonelt countryinstrumentering. Før ho spelte inn songen hadde aldri Hill høyrt utgåva til Janis Joplin, og produsentane hennar nekta ho å lytte til denne versjonen før ho var ferdig med si utgåve.

Hill har sidan spelt inn songen på ny for det internasjonale opplaget av det tredje albumet hennar, Faith (som no vert kalla Love Will Always Win utanfor USA), som kom ut i 1998.

Melissa Etheridge/Joss Stone: 2005 Ein konsertmedley av songen med Janis Joplin & the Full Tilt Boogie Band-songen «Cry Baby» frå 1971 vart ein hit for den amerikanske songaren Melissa Etheridge og den engelske soulsongaren Joss Stone då han kom ut på iTunes Store etter dei spelte han i lag på Grammyprisutdelinga i 2005.

Beverley Knight: 2006 Den nyaste utgåva av «Piece of My Heart» som har gått inn på listene var av den engelske soulsongaren Beverley Knight i 2006.

Knight-utgåva var ein av dei største hitsinglane hennar til då og nådde Topp 10 på den amerikanske lista over kva songar som er mest spelt på radio.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Piece of My Heart» frå , den 8. februar 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Songar frå 1967 Kategori:Singlar frå 1967 Kategori:Singlar frå 1968 Kategori:Singlar frå 1982 Kategori:Singlar frå 1994 Kategori:Singlar frå 2005 Kategori:Singlar frå 2006 Kategori:Janis Joplin-songar Kategori:Bonnie Tyler-songar 353 Kategori:Big Brother and the Holding Company-songar Kategori:Bryan Ferry-songar