mini|Ei kvinne i hardingbunad med skaut. Bilete frå mellom 1890 og 1900. mini|Kart over Hardangerfjorden og tettstadene rundt. Hardingdialekt, hardingmål, hardangerdialekt eller berre harding er samlenemningar på dialektene som vert snakka i dei fem noverande herada i Hardanger: Eidfjord, Granvin, Kvam, Ullensvang og Ulvik. Desse dialektene høyrer med til dei sørvestlandske målføra i Noreg. Dialekta i fjellbygda Røldal i Ullensvang herad har mykje til felles med dialektene i Ryfylke, men høyrer likevel med til hardingmålet. Likeeins har dialekta i Granvin mykje til felles med vossamål, og Jondal, Strandebarm liknar mykje på sunnhordlandsdialekt. Halldor O. Opedal rekna òg dialekta på Varaldsøy i Kvinnherad med til hardingmålet av di ein del trekk er felles.

Ordet Hardanger vart uttala har'angùr eller har'anger med trykk på fyrste stavinga i den tradisjonelle dialekta. Ordet «harding» blir enno uttala med stum d.

Forsking på hardingdialekta

Den som har gjort mest lingvistisk forsking på hardingdialekta er Halldor O. Opedal (1895-1986). Opedal var mest aktiv som folkeminnesamlar, men han gav ut to bøker om dialekta med lister over gamle ord og uttrykk frå Hardanger: Hardanger-målet (1960) og Hardingmålet (1980). Desse to finst i samleutgåva Hardingmålet frå 2005, der namnegranskaren Botolv Helleland har skrive ein artikkel om hovuddraga i dialekta.

Men Hardanger-dialekta vart undersøkt ofte av tidlege dialektgranskarar. Den aller fyrste var prestesonen Marcus Schnabel (1744-1780) frå Ulvik. Han skreiv ei bok med den talande tittelen Prøve paa hvorvidt det gamle norske Sprog endnu er til udi det Hardangerske Bondemaal, og var dermed tidlegare ute enn Ivar Aasen med slike idéar. I boka samanlikna Schnabel norrøne ord som han fann i Kongsspegelen med parallell-ord frå Hardingdialekta, men ordlista hans kom ikkje lenger enn frå A - F.Norsk Biografisk Leksikon: Marcus Schnabel. Forfattar: Kjell Venås.

Hardanger vart også vitja av Ivar Aasen under målferdene hans i 1840-åra, så dialekta vart til hjelp for målreisinga hans. Elles skreiv geologen Sjur Sexe artikkelen «Ei Prøva taa eit Bygdamaal» i Morgenbladet i 1852. Lækjaren Christian Bang Vidsteen (1832-1915) frå Kvinnherad gav ut eit lite skrift som han kalla Bygdemaalene i Hardanger i 1885. I tillegg har Kjell Venås skrive ned nokre dialekttekstar frå Hardanger blanda med dansk skriftspråk, gitt ut i Den fyrste morgonblånen (1990). Her finst mellom anna ei bryllaupsvise som vart dikta av Ullensvang-presten Niels Hertzberg.(Venås, 1990)

Sørvestlandsk a-mål

Som andre sørvestlandske målføre er dialekta eit såkalla a-mål. Det er to grunnar til denne nemninga. For det fyrste endar infinitivsformene alltid på trykklett -a. Det heiter: å hoppa, å pitla, å eta. I tillegg er den trykklette a-en òg ending i svake hokjønnsord, som i ai jenta, ai gryta. Dei svake hokjønnsorda skil seg ut frå sterke hokjønnsord i dialekta i bestemt form:

+ Substantiv Eintal Ubestemt form Bestemt form Sterkt hokjønn ai dør dan døræ Svakt hokjønn ai jenta dan jento

Uttalereglar

Vokalsystemet

Botolv Helleland opererer med 11 lange og 11 korte vokalfonem når han skildrar hardingmålet. Dei er:

Kort vokal [a] [e] [i] [o] [u] [ù] [y] [ỳ] [æ] [ø] [å] Lang vokal [a:] [e:] [i:] [o:] [u:] [ù:] [y:] [ỳ:] [æ:] [ø:] [å:]

Det er særleg to vokalar som skil seg ut frå annan norsk. Den eine er vossa-u, ein vokal som er karakteristisk for dialektene i Hardanger og på Voss. Vossa-u er ein open u-lyd som hallar mot o, tildels mot å nokre stader. Lyden vart uttala i harding i ord som hùg (lang) og fùgl (kort).

Den andre avvikande vokalen er ỳ, ein mellomting mellom y og ø. Til dømes blir substantivet ei bør i harding uttala ai bỳr. Stadnamnet Høl i Eidfjord kommune skal eigentleg òg uttalast med denne lyden i harding: Hỳl. Uttalen skil seg frå uttalen av substantivet «eit hyl» i dialekta.

I tillegg skal æ-lyden ikkje uttalast som austnorsk, open æ som i «blåbær». Lang æ-lyd fanst ikkje i tradisjonell harding. Bokstaven æ signaliserer i staden ein halvopen e-lyd, om lag som i sunnhordlandsdialekt i ord som «hest» og «lærar». Fonemet e/e: skal sameleis uttalast nærmare ein i-lyd, men ikkje like trong. Denne lyden finst i dialektordet for preposisjonen etter, «ette» og i uttalen av «kne». I tradisjonell harding kan ein dermed få skilnad på talordet «tri», substantivet «aitt tre» og verbet «å træ».

Diftongar

mini|Utsyn over Jondal.

Diftongar var vanlege å høyra i tradisjonell harding, og dei høyrdest breiare ut enn i annan norsk. Ei vart til ai og øy vart til åi. I tillegg vart mange monoftongar uttalte som svake diftongar. Til dømes kunne substantivet «ein gut» uttalast ain geut, og «sola» uttalast såolæ. Lange norrøne a-ar vart i Hardanger diftongert til ao-lydar. Uttalen av «ein båt» vart dermed ain baot, «åsar» vart aosar, «klårt» vart klaort, «å våka» vart å vaoka, osb. Ifylgje Halldor O. Opedal fanst ao-lyden i både Odda, Ullensvang, Eidfjord, Ulvik, Granvin og Kvam før i tida. Grenda Heradstveit mellom Kvam og Jondal utgjorde eit skilje mellom å og ao på Opedal si tid.

R-uttale

Ivar Aasen konstaterte at skarre-r var komen til Ullensvang allereie i 1844. Korleis denne «moderne» lyden var komen dit så tidleg, er eit mysterium, for han fanst ikkje elles i Hardanger på denne tida. Kommunane Ulvik, Kvam, Jondal og Eidfjord heldt lenger på rulle-r, men det er no berre eldre hardingar som rullar her. Skarre-r-en har i dag òg spreidd seg til fjellbygda Røldal, på grensa mot Telemark.

Segmentering og differensiasjon

Dialekta får innskot av d-ar i to tilfelle. Det eine, differensiasjon, er når d-en har kome i staden for ein norrøn -r. Døme på dette er ord som ain bjødn (ein bjørn), kódn (korn), hódn (horn) og skodna mine (skorne mine). Differensiasjonen kunne også finna stad ved norrøne s-ar, som i dialektforma for treslaget hassel: hatl.

Men d-ar koma inn i trykktunge konsonantsegment, og då blir eitt segment til to segment. Dette blir difor kalla segmentering. Døme på dette er ùppao fjedle (oppå fjellet), adle (alle), fùdl'ù (full) og gardsnamnet Hedland (Helleland). Men d-en forsvinn dersom den etterfylgjande lyden er ein annan konsonant; det heitte dermed te fjells, aitt kónnband (eit kornband) og fùllgó (fullgod). Dersom den etterfylgjande lyden er ein vokal, held d-en seg, som i fossefallet Bjødnabykse i elva Opo i Ullensvang.

I gamal harding kunne ein også få segmentering av gamalnorske -nn-segment, som i raidn av gamalnorsk. hreinn (reinsdyr), men dette blir lite brukt no til dags.

Palatalisering av k og g

Dei velare lydane k og g blei ofte til kj (ç) og gj når den etterfylgjande lyden var ein trykklett -e, t.d. i substantiv i bestemt form eintal. Det heitte ai bok, men dan bokjæ. Substantiv som hage og kjake fekk ikkje palatalisering i fleirtal. Dei vart bøygd slik: ain hagje, dan hagjen, flaire hagar, adle hagane eller: ain kjakje, kjakjen, kjakar, kjakane. Verb som «leggja» og «byggja» vert ikkje uttala med affrikat, som til dømes i sunnhordlandsdialekt, men med palatal gj-lyd. Verb som «setja» og «søkja» blir begge uttala med kj-lyd (ç).

Pronomen

mini|Hardangerbrua under bygging.

Pronomensystemet var ikkje einskapleg i heile Hardanger før i tida. I Kvam sa ein me, oss og vaor, og Jondal fylgde det same systemet, utan å diftongera å-en. Men i Granvin, Eidfjord, Ullensvang og Odda sa ein me, aoko og aokan(s). I tabellform ser pronomensystemet i harding slik ut:

+ PronomenTal og person Subjektform Objektform Eigeform/eigeord 1. person eintal eg meg minn, mi, mitt, mine/mina 2. person eintal du deg dinn, di, ditt, dine/dina 3. person eintal han han hans 3. person eintal ho hinne, 'ne, hinna, hena, henas 3. person eintal da da - (te da) 1. person fleirtal me aoko/oss aokan(s) vaor, vaort, vaore vår, vårt, våre 2. person fleirtal de deko, dóka, dóke dekan(s), dekas 3. person fleirtal dai/di dai/di dairan(s)

I 3. person fleirtal sa ein dai når ordet var trykktungt og di når det var trykklett. Likeeins, i objektforma for hokjønn sa ein hinne i trykktunge stavingar og 'ne i trykklette.

Skiljet mellom mine/mina og dine/dina retta seg etter kjønnet på referanseordet: det heitte brødna mine, men systena mina i Ullensvang på Opedal si tid.[Opedal, Halldor O. (2005) Hardingmålet. Ord og vendingar og stil. Ny og auka utgåve ved Oddmund Hus., s. 14]

Systemendring

Pronomensystemet er i endring no, særleg grunna fråflytting, tilflytting og industrimålet i Odda og Tyssedal. Der vil ein seia vi for «me», dåke for både «de» og «dykk», og vidare oss, våras/våre. Mange unge i det tradisjonelle de/deko-området har no mist skiljet mellom subjekt og objekt i 2. person fleirtal, slik at det er vanleg å høyra unge som seier ka ska deko? Formene aoko/aokans kan likevel enno høyrast i Indre Hardanger. Dette skjer samtidig med at mange unge tek til å seia det i staden for «da». Dersom ein brukar «det», blir det umogleg å halda fast på subjektspronomenet «de», som høyrest nett likt ut.

Bøying

mini|Hardanger Folkemuseum på Utne gjer ein viktig innsats for å ta vare på kulturen i Hardanger.

Verb

I tradisjonell harding kunne verb tidbøyast på tre ulike måtar:

Å kasta - eg kastar - eg kasta - eg ha kasta. Å reisa - eg reise - eg reisste - eg ha reisst. Å koma - eg kjæm'e/ kjæm'ù - eg kom - eg ha kóme.

Såkalla «blanda bøying» er òg å finna i hardingdialekta i verb som i nynorsk ville få same bøying som «å kasta». I harding kan ein seia å bruka - eg brukar - eg brukte - eg ha brukt, å hoppa - eg hoppar - eg hoppte - eg ha hoppt, og å dansa - eg dansar - eg danste - eg ha danst.Sandøy, Helge (1991) Norsk dialektkunnskap, s. 210

Verbet «å gå» blei i tradisjonell harding bøygd ulikt i Indre og Ytre Hardanger. I midtre og ytre strok ville ein bøya det slik: Å ga - eg gaor - eg gjekk - eg ha gaott.

I Indre Hardanger ville det derimot bøyast slik: Å ga - eg gjeng'ù - eg gjekk - eg ha gjengje.

Substantiv

Substantiv vart bøygd på varierande vis i dei ulike herada. I dialekta i Kvam og Jondal får substantiv bortfall av -r i ubestemt form fleirtal: der heiter det ein hest - hesta, ein sau, saue. I dei andre kommunane held r-en seg.

Svarabhaktivokal

Dialekta har svarabhaktivokal i sterke verb. Dette dialekttrekket reflekterer ein opphavleg norrøn -r som har vore i desse orda tidlegare. Presens av å koma heitte kemr i norrønt. Tradisjonelt lydde dette verbet kjemù i Indre Hardanger og kjeme i lenger ut i fjorden. Svarabhaktivokal fanst også i adjektiv bøygde i hankjønn eller hokjønn eintal. Det heitte aitt stort hus, men ain stor-ù/stor-e mann.

mini|Utsikt over Odda med Sørfjorden i bakgrunnen.

Oddamålet

Ei undergrein av hardingmålet er oddamålet, som voks fram grunna stor innflytting frå heile landet til industristadene Odda og Tyssedal. Oddamålet fekk pronomen som vi, oss, våras og dåkas og omfattande bruk av e-ending i verb i presens, «eg hoppe, eg reise, eg komme». Desse formene held seg godt i Odda enno i dag, og har til ei viss grad spreidd seg til grenseområda. Eit liknande industrimål har vorte danna i Ålvik i Kvam.

Nokre smakebitar frå harding

Forelda dialekttrekk i harding

mini|Eit eldre bilete frå Ulvik, mellom 1890 og 1900.

Restar av omlyd

Botolv Helleland noterer at a og ó veksla med kvarandre i tradisjonell harding. Døme på dette er å seia «aitt glas», men «flaire glós», «ain gamadlù mann», men «ai gómól kóna». Når ein bøygde substantivet ein vott, sa ein «ain vott - aitt vattapar - flaire vetter». Opedal nemner fleire døme i talbøying av inkjekjønnsord. Det heitte «aitt bla», men «flaire bló», «aitt lag», men «flaire lóg», «aitt land», men «flaire lónd», «aitt par», men «flaire pór».

Konjunktiv

Konjunktiv, eller ynskjeform fanst tidlegare i Granvin og Eidfjord. Preteritumsforma «hadde» vart til «hedde» i konjunktiv, og kunne høyrast i eidfjordsuttrykket «hedde me sigl». Likeeins vart konjunktivsforma av «skulle» uttalt «skjé», og når nokon hadde teke det siste kakestykket, kunne ein seia: «Du skjé'kje tekje da sista!»