Julius Christopher Hammer () var ein norsk prest og stortingsmann frå Bergen. Han var gift med ei dotter av Jacob Neumann.
Hammer var son av Christopher Johannes Hammer (1759-1823), generalvegmeister i Søndre Bergenhus amt. Sjølv vart han student frå Bergens skole i 1815, og cand. theol. i 1824. Året etter vart han utnemnd til sokneprest i Kinn, frå 1830 hadde han same embete i Strandebarm. Den lange perioden 1834 til 1866 var han sokneprest i Haus.
Hammer var 3. representant frå Søndre Bergenhus amt på Stortinget i 1842, medlem av justiskomiteen. Til dei neste fire stortinga var han vekselvis 2. og 3. varamann.
Han døydde 1877 i fødebyen Bergen.
Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1842-1844 Kategori:Folk frå Bergen