Oluf Andreas Laurentius Saxe () var ein norsk lærar, prest og stortingsmann frå Kvinesdal.

Saxe var son til ein prest. Han vart student frå Nissens skole i Christiania i 1858 og cand. theol. i 1865. Før han avla embetseksamen, var han i 1860 lærar på borgarskulen i Flekkefjord og 1861 på Nissens skole. Lærar frå 1868 ved Hamar seminar, sidan 1873 styrar av seminaret. Jamsides læraryrket var han frå 1872 til -77 redaktør av Hamar stiftstidende. I 1888 vart Saxe sokneprest i Vang i Hedmark, døydde allereie året etter på Hamar.

Saxe representerte byane Hamar, Lillehammer og Gjøvik på Stortinget frå 1880 til 1888. Alle dei tre valperiodane var han medlem av gasje- og pensjonskomiteen. Saxe var i 1880 medlem av seminarlovkommisjonen. Han var medlem av Høgre frå då dette vart stifta i 1884.

Kjelder Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1880-1882 Kategori:Stortingsrepresentantar 1883-1885 Kategori:Stortingsrepresentantar 1886-1888 Kategori:Stortingsrepresentantar for Hedmark Kategori:Stortingsrepresentantar for Oppland Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Norske pedagogar Kategori:Norske prestar Kategori:Folk frå Kvinesdal