Yngve Leidulv Sætre () er ein norsk musikar og musikkprodusent frå Ørsta.
Karriere
Sætre vart fyrst kjend som vokalist i Bergensbandet Monalisa Overdrive, som vart stifta i 1987. Seinare skifte gruppa namn til Barbie Bones. Dei rakk å vinna ein Spellemannpris før dei gav seg i 1993. Som musikar har Sætre spelt keyboard for banda Popium, Secret Mission og Tweeterfriendly Music.
På nittitalet starta Sætre opp plateselskapet Duper Studio i Bergen, saman med Jørgen Træen. Som produsent har Sætre jobba med ei heil rekkje norske artistar. Nokre av desse er Pogo Pops, Tre Små Kinesere, Dum Dum Boys, Trang Fødsel, Ephemera, Sondre Lerche, Salhusvinskvetten, Johndoe, Morten Abel, Musikkgruppa Ingenting, Ralph Myerz and the Jack Herren Band, Ingrid Olava, Janove Ottesen, Datarock, Tor Endresen, Kari Bremnes, Ungdomskulen, John Olav Nilsen & Gjengen, Surferosa, Garness, DeLillos og Fjorden Baby!
Prisar
Under Spellemannprisen 2009 vart Sætre tildelt produsentprisen for lang fartstid som musikkprodusent. Yngve Sætre fekk Gammleng-prisen i 2011 i klassen for studiomusikarar.
Kjelder
Bokmålswikipedia om Sætre, henta inn 18. februar 2011. Sætre sin diskografi på Rockipedia. Diskografi på Discogs.com Bergensavisen, 06.03.10: Alle elsker Yngve.
kategori:Norske plateprodusentar kategori:Folk frå Ørsta kategori:Vinnarar av Spellemannprisen kategori:Norske songarar