«Haba Haba» (swahili for Litt etter litt) var det norske bidraget i Eurovision Song Contest 2011, framført på engelsk og swahili av Stella Mwangi. Songen er teken med på albumet Kinanda.
Melodi Grand Prix 2011 29. januar 2011 vann Stella Mwangi den tredje delfinalen i Melodi Grand Prix 2011 og gjekk vidare til finalen 12. februar. I finalen gjekk ho vidare til gullfinalen og vann med 280 217 røyster. Det er fyrste gongen det har vorte sunge på swahili i Melodi Grand Prix.
Eurovision Song Contest 2011 Songen starta som nummer to i den fyrste semifinalen, etter Polen med «Jestem» av Magdalena Tul og før Albania med «Feel the Passion» av Aurela Gaçe.
Bidraget fekk ti poeng frå Island, åtte poeng frå Finland, fire poeng frå Malta, to poeng frå Sveits og Portugal og eitt poeng frå Polen, Albania, Armenia og Aserbajdsjan. Noreg fekk til saman 30 poeng og enda på 17. plass av totalt 19 bidrag. Om ein berre hadde hatt telefonrøysting hadde bidraget fått 56 poeng og enda på niandeplass. Det hadde vore nok til å få ein finaleplass. Hadde ein berre hatt jury hadde bidraget fått 29 poeng og enda på 17. plass.
Det er det fyrste bidraget i Eurovision Song Contest med tekst på swahili.
Listeplasseringar Liste (2011) Plassering VG-lista 1
Kjelder
Denne artikkelen byggjer på «Haba Haba» frå , den 19. februar 2011.
Kategori:Melodi Grand Prix 2011-songar Kategori:Eurovision Song Contest 2011-songar Kategori:Songar på toppen av VG-lista Kategori:Melodi Grand Prix-vinnarsongar Kategori:Norske Eurovision Song Contest-songar Kategori:Engelskspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Swahilispråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Fleirspråklege Eurovision Song Contest-songar Kategori:Fleirspråklege Melodi Grand Prix-songar