Clas Brede Bråthen () er ein norsk tidlegare skihoppar og seinare idrettsleiar. Han vart norsk meister 1994 i normalbakken og var medlem i Mjøndalen IF.

Karriere Bråthen hoppa for det norske laget som vann sølvmedalje i laghopping under Ski-VM 1989 i Lahti. Magne Johansen, Ole Gunnar Fidjestøl og Jon Inge Kjørum var dei andre på laget. Individuelt kom Bråthen på tredelt 11. plass i storbakkerennet og vart nummer 15 i normalbakkerennet. Tidlegare i same sesongen vart han nummer tre i eit verdscuprenn i storbakken i Sapporo, bak Matti Nykänen og Dieter Thoma. Det var einaste gongen Bråthen hevda seg i det øvste toppsjiktet i verdscupen.

Bråthen deltok i den tysk-austerrikske hoppveka 1987/88 og 1988/89, med ein 19. plass som best. Under noregsmeisterskapen i normal bakke 1994 i Vegårshei overraska Bråthen med å vinne gullet. På andreplassen kom Lasse Ottesen, som nokre veker seinare vann OL-sølv på Lillehammer.

Besteplasseringar i internasjonale meiterskap og renn 1988: Nr 9 i Meldal 1988/89: Nr 3 i Sapporo. Nr 11 og 15 under ski-VM i Lahti 1991: Nr 28 i Tauplitz (skiflyging)

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap Ski-NM 1988: Nr 8 i normalbakken i Skien Ski-NM 1989: Nr 4 i normalbakken i Vikersund Ski-NM 1991: Nr 10 i normalbakken på Rognan Ski-NM 1994: Gullmedalje i normalbakken i Vegårshei Ski-NM 1996: Nr 11 både i normalbakken i Stryn og i storbakken i Meldal

Bråthen var i 1996 med på Buskerud sitt lag som vann NM i laghopping.

Bråthen har vore medlem av hoppkomiteen i Norges Skiforbund sidan våren 2001, og no (2011) i fleire år leiar av komiteen.

Bakgrunnsstoff Clas Brede Bråthen i fis-ski.com

Kategori:Norske skihopparar