About Face er det andre soloalbumet til Pink Floyd-gitaristen David Gilmour. Albumet kom ut i mars 1984 og var produsert saman med Bob Ezrin. To av songane, «All Lovers Are Deranged» og den meir radiovenlege «Love on the Air», hadde tekst skriven av Pete Townshend frå The Who, som lenge hadde vore ven av Gilmour. Resten av songane er skriven av Gilmour aleine. I mai same året gav Pink Floyd-medlemmen Roger Waters ut sitt første soloalbum, The Pros and Cons of Hitch Hiking.

Historie Albumet vart spelt inn i Frankrike med lydteknikar Andrew Jackson på ei tid då framtida til Pink Floyd var usikker. Albumet vart miksa av James Guthrie i Mayfair Studios i London.

Somme av musikarane som Gilmour arbeidde med var Jeff Porcaro, Pino Palladino, Deep Purple-organisten Jon Lord, Roy Harper, Michael Kamen (som òg arbeidde på Waters-albumet The Pros and Cons of Hitch Hiking), Sam Brown og Steve Winwood.

David Gilmour sa: Eg ønskte å gjere eit verkeleg bra album. Eg ønskte ikkje å bli raskt ferdig og ville ha med meg dei beste musikarane i verda som eg kunne få tak, så eg lagde meg ei liste over favorittmusikarane mine, som den beste trommeslagaren, den beste bassisten, beste organisten og så såg eg kven eg fekk med meg. Jeff Porcaro var øvst lista mi over trommisar, Pino Palladino var øvst på lista over bassistar, og Ian Kewley, eller the Rev som han vert kalla, kom og spelte det meste av hamnond og piano, og han var særs dyktig. Steve Winwood var øvst på lista mi over organistar, men han kunne ikkje spele på det meste av albumet, men gjorde noko. Han spelte hammondorgel på «Blue Light». Eg hadde litt meir tid og følte meg friare på dette albumet...fleire «uhell» ser då ut til oppstå.

Eg trur Pete [Townshend] følte seg avgrensa med kva han kunne gjere med The Who, og eg trur me alle føler oss avgrensa med alt me prøver å få til, på grunn av dei forskjellige personlegdomane og rollene du skaper for deg sjølv. Eg veit han var ukomfortabel med visse ting, ting han kunne uttrykke i soloarbeidet sitt. For meg var restriksjonen skalaen av det Pink Floyd hadde blitt meir enn noko anna. Det er fint å kome seg bort og gjere noko på ein litt anna skala...dra ut og spele i auditorium, som ikkje lenger var mogeleg for Pink Floyd før me var blitt langt mindre populære.

Visstnok vart somme av songane på About Face skriven av Gilmour då Roger Waters byrja å skrive Pink Floyd-albumet The Final Cut. Waters er sagt å ha nekta Gilmour tid til å gjere ferdig sine eigne songar, som gjorde at Gilmour ikkje fekk nokre av songane sine med på albumet. Av desse songane skal det ha vore «Murder», «Out of the Blue», «Near the End» og den musikalske orkestreringa av «Love on the Air» og «All Lovers are Deranged».

Lydbiletet På albumet finn ein discoliknande singelen «Blue Light» (seinare remiksa av François Kevorkian og som ofte vart stemnd fram som den verste solosongen av ein Pink Floyd-medlem av Pink Floyd-magasinet The Amazing Pudding) og ein annan singel, «Love on the Air». «All Lovers Are Deranged» og «Murder» vart gjevne ut som singlar for radio i Nord-Amerika og den førstnemnde nådde 10. plass på Billboard's Mainstream Rock Charts.

«Murder» følgde og nådde 11. plass på same liste, og var eit rop frå Gilmour om det meiningslause drapet på John Lennon. Pino Palladino spelte bandlaus bass på songen og gav han ein funky stil i den akustiske førstedelen av songen.

Albumet nådde 21. plassen på albumlista i Storbritannia og 32. plassen i USA, der det selde til gullplate. I Noreg nådde albumet 10. plassen.

David Gilmour sa seinare i eit intervju med DJ Redbeard, for radioprogrammet In the Studio with Redbeard i 2006 om About Face, «når eg ser tilbake på det, så har det sine store augneblikk, men det meste der er for 80-tals for min smak i dag.»

About Face vart gjeve ut på nytt i 2006 med ny digital lyd.

Innhald

Medverkande Hovudmusikarar David Gilmour – gitar, solovokal Jeff Porcaro – trommer, perkusjon Pino Palladino – bass Ian Kewley – Hammond orgel, piano

Andre musikarar Steve Winwood – Hammond orgel (på «Blue Light»), piano («Love On The Air») Anne Dudley – synthesizer Bob Ezrin – klaverinstrument, orkesterarrangement Louis Jardine – perkusjon Ray Cooper – perkusjon Jon Lord – synthesizer The Kick Horn – blåsarar Vicki Brown – korvokal Sam Brown – korvokal Mickey Feat – korvokal Roy Harper – korvokal Steve Rance – Fairlight-programmering National Philharmonic Orchestra Michael Kamen – orkesterarrangement

Turne Etter About Face, la Gilmour ut på ein turne frå mars til juli 1984 i Europa og Nord-Amerika, der han spelte følgjande songar:

Until We Sleep All Lovers Are Deranged There's No Way Out Of Here Love On The Air Mihalis Cruise Short & Sweet Money Run Like Hell Out Of The Blue Let's Get Metaphysical You Know I'm Right Blue Light Murder Near The End Comfortably Numb I Can't Breathe Anymore

Musikarar på turneen

David Gilmour - gitar, klaverinstrument, vokal Gregg Dechart - klaverinstrument Sue Evans - perkusjon (July 5–16) Mickey Feat - bassgitar Jody Lincott - perkusjon (March–June) Mick Ralphs - gitar, vokal Raff Ravenscroft - saksofon, fløyte, klaverinstrument Chris Slade - trommer

Roy Harper og Nick Mason var med han på konsertane i Hammersmith Odeon 28-30. april 1984.

Salslister Album Liste (1984)PlasseringTyskland Media Control Charts24Noreg VG-lista10Sweden Sverigetopplistan13Sveits Swiss Hitparade15US Billboard 20032

Singlar – Billboard (USA) ÅrSingelListePlassering1984«Blue Light»The Billboard Hot 100621984«Blue Light»Mainstream Rock Tracks351984«All Lovers Are Deranged»Mainstream Rock Tracks101984«Murder»Mainstream Rock Tracks13

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «About Face (album)» frå , den 7. mars 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:David Gilmour-album Kategori:Musikkalbum frå 1984 Kategori:Columbia Records-album Kategori:Album produserte av Bob Ezrin Kategori:Album produserte av David Gilmour Kategori:Harvest Records-album Kategori:Album spelte inn i Abbey Road Studios Kategori:Plateomslag av Storm Thorgerson Kategori:Plateomslag av Hipgnosis