Hugh Colin Hopper () var ein engelsk bassgitarist innan progressiv rock og jazzfusion. Han var eit viktig medlem i Canterbury scene, som medlem av Soft Machine og forskjellige andre tilknytte band.Hugh Hopper biography at Calyx, the Canterbury web site

Han starta karrieren i 1963 som bassist med The Daevid Allen Trio, i lag med trommeslagar Robert Wyatt, og skifta mellom frijazz og rhythm and blues. I 1964 starta han i lag med Brian Hopper (broren), Robert Wyatt, Kevin Ayers og Richard Sinclair The Wilde Flowers, eit popband. Dei gav aldri ut nokre innspelingar medan dei eksisterte, men vart rekna som grunnleggjarar av Canterbury scenehttp://calyx.perso.neuf.fr/index.html og utvikla seg til gruppene Soft Machine og Caravan.

Hopper starta først i Soft Machine som turnemanager, men han skreiv låtar alt for det første albumet, The Soft Machine og spelte bass på ein av songane. I 1969 vart han hyrt inn som bassist i bandet for det ander albumet deira, Volume Two og i lag med Mike Ratledge og Robert Wyatt, tok han del i innspelinga av eit soloalbum for Syd Barrett (tidlegare i Pink Floyd)). Hopper spelte bass i Soft Machine fram til 1973. I 1972 spelte han inn det første soloalbumet sitt, 1984 (kalla opp etter George Orwell-romanen).

Resten av 1970-åra arbeidde han med grupper som Stomu Yamashta sitt East Wind, Isotope, Gilgamesh og Carla Bley Band. Han spelte òg i fleire band i lag med tidlegare Soft Machine-saksofonisten Elton Dean: Hopper/Dean/Tippett/Gallivan (med pianist Keith Tippett og trommeslagar Joe Gallivan) og Soft Heap (med klaverspelaren Alan Gowen og trommeslagar Pip Pyle).

I 1980-åra tok Hopper seg ein pause, før han i siste halvdel av 1980-åra byrja å arbeide med fleire band, mellom anna Pip Pyle sitt Equipe Out og Phil Miller sitt In Cahoots. Han spelte òg med ei gruppe nederlandske musikarar som først kalla seg Hopper Goes Dutch. Etter at den franske gitaristen Patrice Meyer vart med, vart denne gruppa kjend som Hugh Hopper Franglo-Dutch Band.

Etter fleire år i hovudsakleg instrumentale jazzgrupper, som Short Wave, i 1990-åra, byrja Hopper igjen å arbeide med meir rock-orienterte band, som Caveman Shoestore og songaren Lisa S. Klossner.

I 1990- og 2000-åra spelte Hopper i fleire band med tidlegare Soft Machine-medlemmmar, som SoftWorks, og seinare Soft Machine Legacy. I 2008 fekk Hopper diagnosen leukemi og døydde til slutt av sjukdommen i 2009.Soft Machine icon Hugh Hopper dies

Diskografi Som seg sjølv 1973: 1984 1976: Cruel But Fair 1977: Hopper Tunity Box 1978: Soft Head - Rogue Element 1979: Soft Heap 1980: Two Rainbows Daily 1985: Mercy Dash 1985: Monster Band 1989: Alive 1991: Meccano Pelorus 1993: Hugh Hopper and Odd Friends 1993: Short Wave Live 1994: A Remark Hugh Made 1994: Hooligan Romantics 1995: Carousel 1995: Caveman Hughscore 1995: Adreamor 1996: Somewhere In France 1996: Bracknell-Bresse Improvisations 1996: MASHU - Elephants in your head? 1996: Best Soft (samling) 1997: Huge 1997: Highspot Paradox 1998: Different 1999: Delta Flora 2000: Cryptids 2000: Parabolic Versions 2002: Jazzloops 2003: In a Dubious Manner 2004: The Stolen Hour 2007: Soft Mountain 2007: Numero D'Vol 2008: Dune

Med Soft Machine 1968: The Soft Machine 1969: Volume Two 1970: Third 1971: Fourth 1972: Fifth 1973: Six

Med andre (ikkje utfyllande) 1962-5 Canterburied Sounds, Vol.s 1-4 (1998 samling av Brian Hopper) 1965: The Wilde Flowers (1994) 1969: Syd Barrett: The Madcap Laughs (to spor) 1969: Kevin Ayers: Joy of a Toy 1973: Stomu Yamashta's East Wind: Freedom Is Frightening 1974: Robert Wyatt: Rock Bottom 1974: Stomu Yamashta: One by One 1975: Isotope: Illusion 1976: Isotope: Deep End 1978: Carla Bley Band: European Tour 1977 1978: Gilgamesh: Another Fine Tune You've Got Me Into 1985: In Cahoots: Cutting Both Ways 1985: Pip Pyle: L'Equipe Out 1986: Patrice Meyer: Dromedaire viennois 1987: Anaid: Belladonna 1991: Lindsay Cooper: Oh Moscow 1999: Brainville: The Children's Crusade (med Daevid Allen, Pip Pyle) 2001: Glass Cage: Glass Cage Paratactile 2003: Soft Works: Abracadabra 2003: Bone: Uses Wrist Grab 2003: Polysoft: Tribute to Soft MachinePolysoft: Tribute to Soft Machine Live at Le Triton 2002. Review at All About Jazz 2004: Brian Hopper: If Ever I Am 2005: NDIO Airback 2005: Soft Machine Legacy: Live in Zaandam 2006: Soft Machine Legacy: Soft Machine Legacy 2007: Soft Machine Legacy: Steam 2008: Brainville3: Trial by Headline (med Daevid Allen, Chris Cutler)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Hugh Hopper» frå , den 8. mars 2011. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Heimeside

Kategori:Canterbury scene Kategori:Engelske bassistar Kategori:Engelske jazzmusikarar Kategori:Folk frå Canterbury Kategori:Soft Machine-medlemmar