Joy of a Toy er debutalbumet til Kevin Ayers, eit av medlemmane som starta Soft Machine. Den underlege og unike visjonen er ein klår indikasjon på korleis Soft Machine kunne ha utvikla seg om Ayers framleis hadde vore med. Med seg på albumet har han kollegaene sine frå Soft Machine, Robert Wyatt, Mike Ratledge og Hugh Hopper.
Etter ein Soft Machine-turne i USA med Jimi Hendrix Experience valde Ayers å trekkje seg frå musikkindustrien. Hendrix gav Ayers ein akustisk Gibson J-200 gitar mot han lovde å halde fram å skrive songar. Ayers trekte seg attende til ei lita leilegheit i London der han skreiv og arrangerte heile albumet, som han så presenterte for det nye selskapet til Malcolm Jones, Harvest der vart spelt inn av Peter Jenner for den då store summen av £4000.
Joy Of A Toy inneheld mange av dei mest kjende songane til Ayers, frå «The Lady Rachel» til «Girl On A Swing». Sistnemnde vert framleis spel av andre artistar i dag, som Candie Payne og The Ladybug Transistor. Det varpå Joy Of A Toy at Ayers utvikla den klangfulle vokalen sin, avantgarde songar og ein kjærleik for bisarre instrumenteringar som hadde ringverkander langt inn i 1970-åra og til og med heilt til i dag.
Innhald
Medverkande Kevin Ayers - Gitarar, bass og vokal Robert Wyatt - Trommer David Bedford - Piano, arrangør Mike Ratledge - Orgel Hugh Hopper - Bass (1 & 5) Paul Buckmaster - Cello Rob Tait - Trommer (6 & 9) Paul Minns - Obo
samt på «Religious Experience» / «Singing A Song In The Morning» : Syd Barrett - Gitar (1b) Richard Sinclair - Bass Richard Coughlan - Trommer David Sinclair - Orgel The Ladybirds - Korvokal
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Joy of a Toy» frå , den 9. mars 2011. oppgav desse kjeldene: Kevin Ayers by Richard Williams (Melody Maker Apr 25, 1970) Joy of a Toy liner notes by Mark Powell (EMI 2003) Joy of a Toy liner notes by Martin Wakeling (Harvest Sept 2006)
Kategori:Kevin Ayers-album Kategori:Debutalbum frå 1969