Cosmic Wheels er det tiande studioalbumet til den skotske visesongaren Donovan. Det vart gjeve ut i mars 1973.

Historie

Etter å ha vorte far og stifta familie, spelte Donovan inn barneplata H.M.S. Donovan, før han igjen vendte seg mot populær musikk i 1972. Det hadde gått tre år sidan «Atlantis» nådde Topp 10. Sidan den gong hadde Donovan hatt noko suksess med Open Road. I håp om å finne tilbake til suksessformelen, tok Donovan inn att Mickie Most som hadde produsert dei fleste innspelingane hans på slutten av 60-talet. Cosmic Wheels-innspelignane vart gjort i Morgel Studios i London i England. På denne tida var glamrock på toppen av listene i Storbritannia, definert av band og artistar som T. Rex, Alice Cooper og David Bowie blant andre. Fleire av desse artistane hevda at Donovan var ei viktig inspirasjonskjelde for musikken deira. Denne omtalen var med på å forme den musikalske retninga Cosmic Wheels skulle ta.

Medan Donovan spelte inn Cosmic Wheels, spelte Alice Cooper inn Billion Dollar Babies i same studio i 1973. Alice Cooper-gitaristen Michael Owen Bruce foreslo å be Donovan synge solo på tittelsporet i lag med Vincent Damon Furnier (som seinare tok namnet Alice Cooper for seg sjølv). Donovan gjekk med på det og resultatet var med på å føre Billion Dollar Babies heilt til topps i USA.

Cosmic Wheels nådde Topp 20 både i USA og Storbritannia, om lag like høgt som mange av dei tidlegare albuma til Donovan. I 1973 hadde musikkindustrien endra eg mot meir album-orientert rock, og singlar hadde vote mindre viktig. I redigert utgåve nådde «I Like You» 66. plass i USA og vart den siste singelen hans som gjekk inn på lista der.

Innhald

Medverkande

Leslye Ash – Vokal John «Rabbit» Bundrick – Klaverinstrument Tony Carr – Perkusjon Valerie Carrington – Vokal Clive Chaman – Bass Phil Chen – Bass Nick Curtis – Vokal Donovan – Gitar, munnspel, vokal Lesley Duncan – Vokal Jack Emblow – Trekkspel Julie Forsythe – Vokal Leslie Fyson – Vokal Peter Halling – Fiolin Jim Horn – Saksofon Bobby Keys – Saksofon John McCarthy – Vokal Cozy Powell – Trommer Suzi Quatro – Vokal Chris Spedding – Gitar Gaynor Stewart – Vokal Jill Utting – Vokal Dennis Ball (feilskrive som «Dennis Wall») – Bass Alan White – Trommer Cary Wilson – Vokal

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Cosmic Wheels» frå , den 11. mars 2010. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff Cosmic Wheels - Donovan Unofficial Site

Kategori:Donovan-album Kategori:Musikkalbum frå 1973 Kategori:Album produserte av Mickie Most Kategori:Epic Records-album Kategori:Plateomslag av John Kosh