Eurovision Song Contest 1979 var den 24. utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songtevlinga for medlemmane av organisasjonen EBU. Tevlinga fann for fyrste gong stad i Israel, etter at landet vann tevlinga året før med Izhar Cohen og Alphabeta med «A-ba-ni-bi». Tevlinga blei produsert av den israelske kringkastaren IBA og blei arrangert laurdag 31. mars 1979 i Merkaz HaKongresim HaBeinLeumi i Jerusalem. Daniel Pe'er og Yardena Arazi var programleiarar.
Opphavleg skulle dei same 20 landa frå 1978 ha delteke, men Tyrkia trekte seg kort tid før tevlinga etter press frå dei arabiske landa. Dimed deltok 19 land i finalen.
Etter ei svært jamn avrøysting vann vertsnasjonen med «Hallelujah», framført av og gruppa Milk and Honey. Dette var fyrste gongen sidan 1973 at vertslandet vann tevlinga. Vinnarsongen fekk stor suksess og gjekk inn på hitlister over heile Europa. «Hallelujah» toppa den norske singellista i ti veker, noko som framleis er rekord for ein Eurovision-song. Spania enda på andreplass, mens Frankrike blei nummer tre med 1973-vinnaren Anne-Marie David. Tyskland kom på fjerdeplass og fekk stor kommersiell suksess med bidraget «». Irland enda på femteplass. Noreg var representert av Anita Skorgan for andre gong; denne gongen med låten «». Det norske bidraget blei nummer 11 av 19 bidrag, med 57 poeng.
Bakgrunn venstre|miniatyr|Merkaz HaKongresim HaBeinLeumi i Jerusalem. Etter sigeren året før med «A-ba-ni-bi» var det for fyrste gong Israel som stod vertskap for Eurovision Song Contest. Men kort tid etter sigeren i 1978 sådde EBU tvil om Israel var i stand til å arrangere tevlinga. Den israelske kringkastaren IBA hadde ikkje innført farge-tv, og det var heller ingen teknisk samband mellom Israel og Europa med stor nok kapasitet til å kringkaste eit show av dette omfanget til dei europeiske landa. Men begge utfordringane løyste seg, og tevlinga blei for fyrste gong arrangert utanfor det geografiske Europa. Blant anna fekk IBA låne fargekamera-utstyr frå britiske BBC.
IBA la finalen til laurdag 31. mars 1979, og dette er siste gongen finalen har blitt arrangert så tidleg som i mars. Finalearenaen var Merkaz HaKongresim HaBeinLeumi, den største arenaen av denne typen i Jerusalem på den tida. Av dei 2600 sitjeplassane i salen var 1000 fjerna for å få plass til scene, orkester, lys, kamera og anna teknisk utstyr. På grunn av midtaustenkonflikten og den vedvarande trugselen mot Israel, var tryggleiksopplegget det mest omfattande i Eurovision Song Contest til då. Dei 1600 publikummarane i salen var alle inviterte gjestar, og med streng tilgangskontroll. Showet kosta 17 millionar israelske pund, den dåverende mynteininga i Israel. Dette svarte til rundt 5 millionar kroner i 1979. Scenendekoren var laga av Dov Ben David og bestod av tre ringar i ulike storleikar. Sirklane var inspirerte av logoen til IBA og kunne flyttast og endrast frå song til song.
Tyrkia trekkjer seg mini| 20 land melde seg på tevlinga, dei same landa som året før. Blant deltakarlanda var Tyrkia som hadde arrangert sin nasjonale finale i februar 1979. Der vann Maria Rita Epik og 21.Peron med låten «Seviyorum», men den tyrkiske vinnaren deltok aldri i Eurovision Song Contest. 5. mars samme år trekte Tyrkia seg frå finalen med følgjande grunngjeving: «Den tyrkiske regjering har alltid anerkjent det palestinske folks rettigheter og ment at Israel må trekke seg tilbake til grensene fra før krigen i 1967». Også ei like viktig årsak til boikotten var press frå dei arabiske landa som meinte det var uakseptabelt av Tyrkia å stille i ei tevling i Israel.O'Connor, John Kennedy. The Eurovision Song Contest – The Official History. Carlton Books, Storbritannia. 2007 ISBN 98-1-84442-994-3 Presset fekk Tyrkia til å bøye av, og dimed blei det berre 19 land i tevlinga. Det tyrkiske bidraget skulle ha vore det ellevte bidraget på scena i Jerusalem. Men Tyrkia deltok då Israel arrangerte Eurovision Song Contest 20 år seinare. Også i Noreg kom det enkelte, spreidde protestar mot norsk deltaking i Israel. Kritikken gjekk blant anna på at Noreg ved si deltaking, var med på å «legitimere en okkupasjon».
I tillegg til dei 19 deltakerlanda blei finalen også sendt i Hongkong, Island og Romania. Ifølgje VG sende også irakisk fjernsyn finalen og fekk overta kommentatorboksen til Tyrkia, som ikkje sende ein kommentator til Jerusalem.
Sendinga Programmet starta med ein film som skulle portrettere Jerusalem som ein multikulturell, multireligiøs og moderne by i Midtausten. Deretter fortsatte sendinga frå , der programleiarane Daniel Pe'er og Yardena Arazi ønskte velkommen på hebraisk, fransk og engelsk. Pe'er var ein kjend nyhetsopplesar, mens Arazi hadde delteke i Eurovision Song Contest for Israel i 1976. Dei introduserte også EBU sin tevlingssjef og overoppsynsmann , som hadde rolla for andre gong. Startrekkefølgja var avgjord gjennom ei loddtrekking som blei gjennomført i hovudkvarteret til EBU i Genève hausten i forveien. Portugal opna konkurransen, mens Spania avslutta. Noreg hadde startnummer 16. miniatyr|Gali Atari sikra Israel sin andre siger på rad, saman med gruppa Milk and Honey. Kvart land blei introduserte med små postkortfilmar med element og musikk som representerte det aktuelle landet. Det norske postkortet viste vikingar om bord på eit vikingskip med «I Dovregubbens hall» som bakgrunnsmusikk.
Blant deltakarane var det fleire artistar som hadde delteke tidlegare: sveitsiske (1971 og 1976), nederlandske (1972 og 1976), norske Anita Skorgan (1977) og franske Anne-Marie David som hadde vunne tevlinga for Luxembourg i 1973. Men den største favoritten var den tyske gruppa som stilte med låten «Dschinghis Khan». Songen handla om den mongolske herskaren Djengis Kahn og toppa den tyske singellista før tevlinga. Tyskland kom på fjerdeplass, men songen blei likevel ein stor hit over heile Europa. I Noreg låg songen ti veker på signellista med en tredjeplass som høgaste notering. Stor kommersiell suksess fekk også vinnarsongen «Hallelujah» frå vertslandet Israel. Han vann ein knapp siger over spanske «», men songen toppa hitlistene i Irland, Sverige og Noreg. Blant anna låg han på fyrsteplass på den norske singellista i ti veker – meir enn nokon annan Eurovision-song. Danmark stilte med som kom på sjetteplass med sin «». Dette var det beste resultatet til Danmark sidan sigeren i 1963. Sverige stilte med popidolet , men hans «» blei berre nummer 17 av 19. Monaco blei nummer 16, og dette blei den siste deltakinga til Monaco i Eurovision Song Contest på 25 år.
Pausenummeret var ein medley av israelske folkedansar, kalt Shalom '79 (Peace 79). Izhak Graziani dirigerte orkesteret under nummeret. Heile sendinga frå Jerusalem varte i over tre timer, noko som var ny rekord. I åra før var showa rundt to timer lange.
Det norske bidraget Det norske bidraget dette året var «» med Anita Skorgan. Ho vann Melodi Grand Prix 10. februar, i tevling med blant andre Maj Britt Andersen, Inger Lise Rypdal og Hanne Krogh. «Oliver» var komponert av Skorgan sjølv, med tekst av . I den internasjonale finalen var Noreg det 16. bidraget ut på scena, og Anita Skorgan hadde med seg , , , og som koristar. Dirigent for Noreg var . , som hadde leia den norske finalen, kommenterte sendingen på NRK Fjernsynet. kommenterte for NRK Radio, mens las poenga frå den norske jurygruppa frå Oslo.
I avrøystinga fekk «Oliver» 57 poeng, inkludert 10 poeng frå Sverige. Dette var nok til ein ellevteplass, den beste plasseringa til Noreg på seks år. Den norske juryen gav ingen poeng til dei andre nordiske landa, og dette er einaste gongen Norge ikkje har gjeve poeng til nokon naboland med det noverande poengsystemet.
Avrøystinga Kvart land hadde ei jurygruppe med elleve lekfolk mellom 16 og 60 år, som bedømde songane frå dei andre landa med poeng frå 1 til 5. Deretter summerte jurysekretæren saman røystene. Songen som fekk flest juryrøyster, blei tildelt 12 poeng frå den nasjonale jurygruppa. Andreplassen fekk 10, tredjeplassen 8, fjerdeplassen 7 og så vidare ned til tiandeplassen som fekk 1 poeng. Altså gav kvar jurygruppe 12, 10 og 8–1 poeng til sine ti favorittsongar. Det var ikkje lov å røyste på bidraget frå sitt eige land. Oppsynsmann for avrøystinga var Frank Naef frå EBU.
Kvart land hadde ein representant som las opp poenga frå den nasjonale jurygruppa via telefon på direkten under avrøystinga. Poenga blei ikkje lesne opp i stigande rekkefølgje frå 1 til 12 som i dag. I åra 1975–1979 blei poenga i staden lesne opp i kronologisk rekkefølgje etter startrekkefølgja. Dette skulle gjere det enklare for operatørane av poengtavla å halde følgje, slik at dei raskt og korrekt fekk oppdatert poengsummen til kvart land undervegs. Fyrst året etter byrja ordninga med å lese opp poenga frå 1 til 12. Under avrøystinga gjentok programleiarane poenga på engelsk, fransk og hebraisk.
Avrøystinga blei svært jamn og spennande, og i starten var ei rekkje land med i tetstriden. Israel tok leiinga, men etter kvart tok Spania, Frankrike og Tyskland innpå. Då 14 land hadde røysta, leia Spania med 93 poeng foran Frankrike sine 80 og Israel sine 71. Men deretter følgde tre 12-poengarar på rad for Israel, og Israel tok leiinga med 107 poeng – eit poeng foran Spania sine 106. Da det var eit land igjen å røyste, leia Spania med eit poeng. Spania røysta sist og kunne ikkje gje poeng til seg sjølv, dimed stod alt og fall på om den spanske juryen kom til å gje poeng til Israel. Spania gav 10 poeng til vertslandet, og dimed vann Israel sin andre siger på rad – til ekstatisk jubel frå heimepublikummet. Frankrike blei nummer tre, mens førehandsfavoritten Tyskland blei nummer fire.
De nordiske landa utveksla lite poeng seg imellom; korkje Danmark, Finland eller Noreg gav noko poeng til dei nordiske landa, men svenske jurygruppa gav 10 poeng til Noreg og 1 poeng til Danmark.
Deltakarar Under er lista over deltakarane og det offisielle resultatet. Tabellen er rangert etter startrekkefølgje; plasseringa og poengsummen er i kolonnane til høgre. Startnr. Land Artist Song Språk Plass Poeng 01 «Sobe, sobe, balão sobe» Portugisisk 9 64 02 «Raggio di luna» Italiensk 15 27 03 Tommy Seebach «» Dansk 6 76 04 «» Engelsk 5 80 05 «Katson sineen taivaan» Finsk 14 38 06 «Notre vie c'est la musique» Fransk 16 12 07 Elpida «» () Gresk 8 69 08 + Pfuri, Gorps og Kniri«Trödler und Co» Tysk 10 60 09 «Dschinghis Khan» Tysk 4 86 10 og Milk and Honey «Hallelujah» () Hebraisk 1 125 11 Anne-Marie David «Je suis l'enfant-soleil» Fransk 3 106 12 «Hey Nana» Nederlandsk 18 5 13 «J'ai déjà vu ça dans tes yeux» Fransk 13 44 14 «» Nederlandsk 12 51 15 «» Svensk 17 8 16 Anita Skorgan «» Norsk 11 57 17 «Mary Ann» Engelsk 7 73 18 «Heute in Jerusalem» Tysk 18 5 19 «» Spansk 2 116
Tilbakevendende artistar ArtistLandDeltok iMerknaderAnne-Marie David1973 Vann for LuxembourgYardena Arazi (programleiar)1976Som del av gruppa Chocolate, Menta, Mastik1972, 1976I 1972 sammen med Andres Holten, og i 1976 som Sandra ReemerAnita Skorgan19771971, 1976
Poengtavle Tavla er ordna etter røysterekkefølgja i finalen. DeltakarlandPoenggjevande landSumPlass 62544105333676649 8838271523121101267481334766 555610663107854805 778556381412432121610147721041572276987110227478126010211253126124126812864 126121284512811212128101251610110810561212576531063212518 734453242104413 810533734445112 611817 3386282610711571148107712851065737415181236121288121010715101162
12 poeng Kvart land gav 12 poeng til sin favoritt. Under er eit oversyn over alle 12-poengarane som blei gjevne under avrøystinga. Tal Mottakarland12 poeng frå6 Finland, Irland, Noreg, Portugal, Storbritannia, Sverige4 Belgia, Italia, Sveits, Tyskland Danmark, Frankrike, Monaco, Spania2 Hellas, Israel Luxembourg, Nederland1 Austerrike
Dirigentar Mens Izhak Graziani var sjefdirigent, hadde dei fleste land med sin eigen dirigent. Under er ei liste over dirigentane til deltakarlanda, lista etter startrekkefølgja.
Ingen dirigent
Sigurd Jansen