«Key to the Highway» er ein bluesstandard først spelt inn av Charlie Segar i 1940. Segar, stundom kjend som «Key Board Wizard Supreme», var ein bluespianist og stundom songar frå Pensacola i Florida.Evans, David (2008). Ramblin' On My Mind: New Perspectives on the Blues, University of Illinois Press, ISBN 9780252074486. Han flytte til Chicago, der han gjorde innspelignar med andre bluesartistar, som Bumble Bee Slim og Memphis Minnie, samt songar på eiga hand. «Key to the Highway» er ein av åtte kjende songar Segar spelte inn med sitt eige namn mellom 1934 og 1940 for Decca og Vokalion.
«Key to the Highway» er vanlegvis tilskriven Charles «Chas» Segar og William «Big Bill» Broonzy.
Charlie Segar sin originale «Key to the Highway» vart gjort i middels tempo som ein 12-taktsblues. Då Jazz Gillum seinare spelte han same året (med Big Bill Broonzy på gitar), endra han melodien og arrangementet til ein 8-taktsblues, som han vanlegvis er kjend som. Eit år seinare spelte Broonzy inn «Key to the Highway» med arrangementet og melodien til Gillum, og skapte ein av dei mest kjende av dei tidlegare versjonane av songen. I 2010 vart Broonzy si utgåve innlemma i Blues Hall of Fame i kategorien «Classics of Blues Recordings».
Little Walter-versjonen
Kort tid etter venen Broonzy døydde i 1958, spelte Little Walter inn «Key to the Highway» som ein Chicago-blues (Checker 904). Innspelinga vart gjort i august og med seg hadde Walter (vokal og munnspel) Muddy Waters (slidegitar), Luther Tucker (gitar), Otis Spann (piano), Willie Dixon (bass) og George Hunter (trommer). Songen vart ein hitt og låg 14 veker på R&B-lista til Billboard, der han nådde sjetteplass i 1958.Whitburn, Joel (1988). Top R&B Singles 1942-1988, Records Research, Inc., ISBN 9780898200690.
Eric Clapton-versjonar Eric Clapton spelte inn den mest kjende versjonen av songen fro Derek and the Dominos-albumet Layla and Other Assorted Love Songs i 1970. Den varer over ni minuttar, og var i røynda ein tilfeldig jam mellom Clapton og Duane Allman. Dei ska ha høyrt songaren Sam Samudio («Sam the Sham») gjere songen i eit studio like ved og starta spontant å spele han. Dette jaga opp produsenten Tom Dowd, som høyrte kva som skjedde og raskt bad lydteknikarane om å starte opptak. Dette forklarar kvifor sporet tonar inn, fordi dei alt hadde starta songen.The Layla Sessions liner notes, s. 6.
Songen finst på 1995-utgåva av Eric Clapton's Rainbow Concert frå 1973. Clapton spelte òg på Johnnie Johnson si utgåve i 1991 og igjen med blueslegenda B.B. King i 2001 på Riding with the King. Under ein Allman Brothers-konsert i Beacon Theatre i New York City i mars 2009, var Clapton med bandet på scenen for å spele denne songen.Key To The Highway - ABB w/ Eric Clapton 3/19/09
Keith Richards og Eric Clapton, med eit band med blant andre Steve Jordan på trommer, covra "Key To The Highway" på Crossroads Guitar Festival i 2013.
Rolling Stones I 1964 spelte the Rolling Stones ein versjon av «Key to the Highway» i Chess Studios i Chicago. Over 20 år seinare vart eit 33 sekund langt klipp av dette gjeve ut på slutten av albumet Dirty Work.
Andre versjonar Jazz Gillum-arrangementen av «Key to the Highway» er spelt eller framført av mange andre artistar, som : Luther Allison på Standing At The Crossroad (1977)Amazon album track listing and audio snippet The Band på 2000-utgåva av Music from Big Pink Count Basie med Joe Williams på 'Just The Blues (1960)Discogs Carey Bell & Lurrie Bell på Second Nature (1991)Amazon review and audio snippet Brook Benton på The Boll Weevil Song and 11 other Great HitsDiscogs listing. Eddie Boyd med Peter Green på Eddie Boyd and His Blues Band, Decca (1967) Honeyboy Edwards på Blues Blues (1975) Buddy Guy og Junior Wells på Last Time Around-Live at Legends, frå 1993Amazon album review. John Hammond på Frogs for Snakes (1981) John Lee Hooker på Burning Hell (1959)John Lee Hooker Amazon reviews med audio snippet Johnnie Johnson på Johnnie B. Bad (1991) Detroit Junior på Live at the Toledo Museum of Art (2003) B.B. King i filmdokumenaren The Road to Memphis Slash's Blues Ball på House of Blues n New Orleans i 1997. Freddie King på Getting Ready (1971) Jo-Ann Kelly på Black Rat SwingAmazon track listing Sonny Landreth på Blues Attack I 1981Landreth discography Mance Lipscomb på Texas Songster Volume 2 (1964) og Live at the Cabale (1998) Snooky Pryor på Snooky (1989)Snooky Prior discographyAmazon track listing for Snooky including audio snippet of the song Sam Samudio som B-side til Me and Bobby McGee (1970, ATLANTIC 45-2767) Steve Miller Band på, Children of the Future (1968) Rolling Stones (1964) akustisk i Chess Studios i Chicago Memphis Slim, på Folkways Years 1959-73 albumIncluded på the Folkways Years 1959-73 album og samleplata Messin' Around Mick Taylor jammar med Keith Richards i 1981 Sonny Terry & Brownie McGhee på the Pete Seeger TV show Derek Trucks (2008, 2009) Muddy Waters på London Sessions I 1971Amazon review Junior Wells på On Tap (1975)Amazon track listing and review for Junior Wells On Tap Big Joe Williams på Ramblin' på My Mind(1965)Big Joe Williams discography Johnny Winter med Randy Jo Hobbs på TV i 1971 Jimmy Witherspoon på Spoon & GrooveListen to a short sample here, a belatedly released 1960s' session med Groove HolmesAmazon review
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Key to the Highway» frå , den 13. mars 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Singlar frå 1958 Kategori:B.B. King-songar Kategori:Big Bill Broonzy-songar Kategori:Bluessongar Kategori:Checker Records-singlar Kategori:Vocalion Records-singlar Kategori:Derek and the Dominos-songar Kategori:Eric Clapton-songar Kategori:Grammy Hall of Fame Award Kategori:Little Walter-songar Kategori:Muddy Waters-songar Kategori:Okeh Records-singlar Kategori:John Lee Hooker-songar Kategori:Brook Benton-songar Kategori:Dinah Washington-songar Kategori:Steve Miller Band-songar Kategori:Jimi Hendrix-songar Kategori:Junior Wells-songar Kategori:John Hammond-songar Kategori:Rick Derringer-songar Kategori:Keith Richards-songar Kategori:The Band-songar Kategori:Songar om vegar