mini|Karbonatitt frå Jacupiranga i Brasil. Denne steinen består av kalsitt, magnetitt og olivin. mini|Karbonatittlava i Ol Doinyo Lengai-vulkanen i Tanzania. Karbonatitt er intrusive eller ekstrusive vulkanske bergartar som inneheld meir enn 50 % karbonatmineral.Bell, Keith (editor) (1989) Carbonatites: Genesis and Evolution, London, Unwin Hyman Karbonatitt kan forvekslast med marmor og det kan trengast geokjemisk undersøking for å skilje dei.
Hovudmineralet er som regel kalsitt, CaCO3, men nokre inneheld hovudsakleg andre karbonat som dolomitt eller ankeritt. I enkelte resente lavaer kan ein òg finne natriumkarbonat. Det er mange økonomiske viktige metall som er knytt til karbonatitt, som niob, lantanoidar, thorium, jern, titan, kopar, samt mineral som apatitt og fluoritt.
I Noreg finn ein karbonatitt i Fensfeltet ved Ulefoss i Telemark.
Kjelder Delar av denne artikkelen bygger på «Carbonatite» frå , den 14. mars 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Vulkanske bergartar Kategori:Vulkanologi Kategori:Petrologi