«It Hurts Me Too» er ein bluesstandard som er «ein av dei mest tolka bluessongane».Herzhaft 1988, s. 445. Han vart først spela inn i 1940 av Tampa Red, som ein 8-taktsblues i middels tempo med slidegitar. Han låner frå tidlegare bluessongar og har vorte spelt inn av mange andre artistar.
Opphav «It Hurts Me Too» er basert på «Things 'Bout Comin' My Way», spelt inn av Tampa Red i 1931 (OKeh 1637). Melodilinjene er nesten identiske, men den sistenemnde har ein ekstra takt i vendinga. «Sam Hill from Louisville», ein av Walter Vinson sine fleire psevdonym, spelte «Things 'Bout Coming My Way» kort tid før Tampa Red (1931 Brunswick 7216). Vinson-versjonen er basert på tidlegare innspelingar med Mississippi Sheiks, «Sitting on Top of the World» (1930 OKeh 8784). Begge songane deler fleire element med «You Got to Reap What You Sow», spelt inn av Tampa Red i 1929 (Vokalion 1404) og av Leroy Carr og Scrapper Blackwell i 1928 (Vokalion 1232). Melodilinjene, spelt på slidegitar av Tampa Red og sungen av Carr, liknar dei på dei seinare songane. Songen til Carr og Blackwell har element frå den tidlegare songen deira frå 1928, «How Long, How Long Blues» (Vokalion 1191). «How Long, How Long Blues» er skildra som ein av dei første bluesstandardane og var ein inspirasjon for mange bluessongar frå denne tida.Wald 2004, s. 35.
Elmore James-versjonar Fleire versjonar av «It Hurts Me Too» vart spelt inn i 1940- og 1950-åra, mellom anna av Stick McGhee og Big Bill Broonzy. Då Elmore James spelte han inn i 1957 (Chief 7004), nytta han teksten som er mest kjend i dag:
You say you hurting, you almost lost your mind The man you love, he hurts you all the time When things go wrong, go wrong with you It hurts me too
1957-utgåva til James gjekk ikkje inn på listene, men etter at han spelte inn songen på ny i 1962 eller tidleg i 1963 for Fire/Fury/Enjoy vart han ein hitt. I 1965 vart songen gjeven ut på ny, to år etter James døydde, og låg åtte veker på R&B-lista, der han nådde 25. plass.Whitburn 1988, s. 216.
Andre versjonar Songen er spelt inn av mange andre artistar 1964 - The Paul Butterfield Blues Band 1967 - John Mayall and the Bluesbreakers 1967 - Chuck Berry 1968 - The Animals 1969 - Savoy Brown 1969 - Karen Dalton 1970 - Bob Dylan 1971 - Canned Heat 1971 - Hound Dog Taylor 1972 - The Rolling Stones 1972 - Grateful Dead 1973 - Mike Bloomfield, John s. Hammond, og Dr. John frå Triumvirate 1975 - Freddie King 1978 - Foghat 1982 - Eric Burdon 1994 - Eric Clapton 1995 - Kenny Neal 1998 - Little Milton 1998 - Susan Tedeschi 1999 - Gov't Mule med Little Milton 1999 - Luther Allison 2000 - Keb Mo 2002 - Joe Louis Walker 2011 - First Aid Kit
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «It Hurts Me Too» frå , den 14. mars 2011. oppgav desse kjeldene:
Kategori:Songar frå 1940 Kategori:Bluessongar Kategori:Tampa Red-songar Kategori:Singlar frå 1965 Kategori:Elmore James-songar Kategori:Bob Dylan-songar Kategori:Grateful Dead-songar Kategori:Eric Clapton-songar Kategori:Chuck Berry-songar Kategori:Rolling Stones-songar Kategori:John Mayall & the Bluesbreakers-songar Kategori:The Animals Kategori:Canned Heat-songar Kategori:Foghat-songar Kategori:Little Milton-songar Kategori:Gov't Mule-songar Kategori:Keb Mo-songar Kategori:Paul Butterfield-songar Kategori:Karen Dalton-songar