mini|SN-flagget
SN sin høgkommissær for menneskerettar (OHCHR) er ei spesialavdeling i SN-systemet som blei oppretta i 1994 for å verna om menneskerettane som er skrivne ned i Menneskerettsfråsegna frå 1948 og garanterte under folkeretten. Høgkommissæren har formell rang som visegeneralsekretær i SN.
Avdelinga blei grunnlagd på basis av ei anbefaling frå verdskonferansen om menneskerettar i 1993, etter påtrykk frå mellom anna dei nordiske landa. Arbeidet hennar er retta mot styresmakter i form av direkte rådgjeving, forpliktande avtalar og traktatar, og skiping og og bygging av statlege og ikkje-statlege institusjonar.
Høgkommissærar José Ayala-Lasso ( 1994–1997) Mary Robinson ( 1997–2002) Sérgio Vieira de Mello ( 2002–2003) Louise Arbour ( 2004–2008) Navi Pillay ( 2008–2014) Zeid bin Ra'ad ( 2014-2018) Michelle Bachelet ( 2018–2022) Volker Türk ( 2022–)
Merknader
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «FNs høykommissær for menneskerettigheter» frå , den 20. mars 2011.
Bakgrunnsstoff
Kategori:Skipingar i 1994 Kategori:Dei sameinte nasjonane