«Black Mountain Side» er ein instrumental av det engelske rockebandet Led Zeppelin som vart gjeven ut på debutalbumet Led Zeppelin i 1969. Han vart innspelt i Olympic Studios i London i oktober 1968.

Songstruktur «Black Mountain Side"» var inspirert av den tradisjonelle irske folkesongen «Down by Blackwaterside». Gitararrangementet ligg tett opp til versjonen til Bert Jansch av denne songen, som vart spelt inn i 1966 for albumet hans Jack Orion. Dette arrangementet lærte han til Al Stewart, som igjen lærte det vidare til Jimmy Page då han var studiomusikar for debutalbumet til Stewart.

Då songen vart spela på konsertane til Led Zeppelin, var han vanlegvis ein del av instrumentalen til Jimmy Page, «White Summer», og samla varte dei om lag 11 minuttar. Songen vart spela fram til den femte amerikanske turneen deira i 1970. Fleire år seinare vart han henta fram att i 1977, 1979 og 1980.Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9. «Black Mountain Side» vart òg nytta som introduksjon til «Kashmir» på den siste turneen. Det finst ein konsertversjon av songen på Led Zeppelin DVD, frå Royal Albert Hall i 1970. «White Summer»/«Black Mountain Side» vart gjeven ut på albumet Coda frå 1982.

Page spela seinare songen då han var med i bandet The Firm, ei gruppa han starta i lag med Paul Rodgers.

Medverkande Jimmy Page - gitar Viram Jasani - tabla

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Black Mountain Side» frå , den 21. mars 2011. oppgav desse kjeldene: Led Zeppelin: Dazed and Confused: The Stories Behind Every Song, by Chris Welch, ISBN 1-56025-818-7 The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, by Dave Lewis, ISBN 0-7119-3528-9

Kategori:Led Zeppelin-songar Kategori:Songar frå 1969 Kategori:Jimmy Page-songar