Axe Edge Moor er dei store lyngmoane vest for Buxton i Peak District. Dei består hovudsakleg av hard korna sandstein. Det høgaste punktet er 551 meter over havet, noko lågare enn Shining Tor, som ligg 5 km mot nordvest på andre sida av starten på Goytdalen).

Lyngmoane er kjelda til River Dove, River Manifold, River Dane, River Wye og River Goyt. Den nest høgastliggande puben i England, Cat and Fiddle Inn]], ligg her. Lyngmoane ligg mellom grevskapa Derbyshire, Staffordshire og Cheshire, som møtest på sørvestsida ved Three Shire's Head.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Axe Edge Moor» frå , den 22. mars 2011.

Kategori:Åsar i Cheshire Kategori:Fjell og åsar i Derbyshire Kategori:Åsar i Staffordshire