«Thank You» er ein song skriven av Robert Plant og Jimmy Page og framført av det engelske rockebandet Led Zeppelin på albumet Led Zeppelin II frå 1969.
Oversyn «Thank You» signaliserte eit djupare engasjement i låtskrivinga for songaren Robert Plant og det var den første Led Zeppelin-songen han skreiv heile teksten til. I følgje forskjellige Led Zeppelin-biografiar, er det òg songen som fekk Jimmy Page til å innsjå at Plant no kunne skrive teksten til dei fleste songane deira. Plant skreiv teksten som ei hyllest til den dåverande kona Maureen.
Songen inneheld utsøkt Hammondorgel av John Paul Jones, som tonar ut i ein falsk slutt før eit crescendo startar om lag ti sekund seinare. Dette har vore eit problem for radiostasjonar som speler songen, som må velje om dei skap la det vere stille ti sekund på lufta eller avslutte songen. Somme stasjonar har laga ein redigert versjon der stillheita er borte.
Page spelar ein Vox 12-stengsgitar på denne songen.Intervju med Jimmy Page , Guitar World, 1993
Konsertutgåver «Thank You» var ein populær song då han vart spela på Led Zeppelin-konsertane, og vart song der Jones fekk vise seg fram på orgel, ofte med ein lengre orgelsolo (anten på Hammondorgel og stundom i 1972-1973 på ein Mellotron) som introduksjon til songen. Stykket vart etter kvart fjerna frå settlista, men vart stundom spela som ekstranummer, til dømes på den siste konserten deira i Madison Square Garden.
I 1992 song Plant «Thank You» før han glei over i «Crazy Little Thing Called Love» av Queen under minnekonserten for Freddie Mercury. Page and Plant spela songen att i 1994 på Unledded-turneen deira.
Ettermæle I november 2010 toppa «Thank You» Gibson si liste over «Dei ti beste Thanksgiving-songane».Led Zeppelin and ZZ Top Make Top Thanksgiving Songs List. Antimusic.com.Russell Hall. 10 Great Songs that Give Thanks . Gibson. Henta 23. mars 2011. Plateprodusent Rick Rubin har kommentert strukturen i songen: «Den delikate vokalen er utruleg; den akustiske gitaren og orgelet skapar i lag ein utanomjordleg nærvær.»The Playlist Special: Fifty Artists Pick Their Personal Top 10s. Rolling Stone. Henta 23. mars 2011. Alek Keshishian-filmen With Honors inneheld ein Duran Duran-versjon av songen i 1994.Soundtracks for With Honors. IMDb. «Thank You» vart òg framført av :Lars Mitch Fischermann med Led Zeppelin Jam på Rock 'n' Royal, ein konsert i samband med bryllaupet til Kronprins Frederik og Kronprinsesse Mary av Danmark.Rock 'n' Royal (TV 2004). IMDb.
Medverkande Robert Plant - vokal Jimmy Page - gitarar John Paul Jones - bassgitar, orgel John Bonham - trommer
Andre versjonar
1992: Tori Amos (Crucify US EP) 1994: Page and Plant (No Quarter: Jimmy Page & Robert Plant Unledded) 1995: Duran Duran (Encomium) 1998: The Flaming Lips (A Collection of Songs Representing an Enthusiasm for Recording...By Amateurs) 1999: Great White (Great Zeppelin: A Tribute to Led Zeppelin) 1999: Coalesce (There Is Nothing New Under the Sun EP) 2000: Truffle (Out Loud) 2002: The Section (The String Quartet Tribute to Led Zeppelin) 2002: Kimberly Bosso (Livin' Lovin' Played: A Led Zeppelin Tribute) 2004: Benjamin Levine (Chamber Maid: The Baroque Tribute to Led Zeppelin)
2004: Classic Rock String Quartet (The Led Zeppelin Chamber Suite: A Classic Rock Tribute to Led Zeppelin) 2005: Sly and Robbie (The Rhythm Remains the Same: Sly & Robbie Greets Led Zeppelin) 2006: Michael Armstrong (Rockabye Baby! Lullaby Renditions of Led Zeppelin) 2007: Tesla (Real to Reel) 2007: Chris Cornell (Carry On [bonusspor]) 2007: The Boys from County Nashville (Celtic Tribute to Led Zeppelin: Long Ago and Far Away) 2008: Lizz Wright (The Orchard)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Thank You (Led Zeppelin song)» frå , den 22. mars 2011. oppgav desse kjeldene: Lewis, Dave (2004) The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, ISBN 0-7119-3528-9 Welch, Chris (1998) Led Zeppelin: Dazed and Confused: The Stories Behind Every Song, ISBN 1-56025-818-7
Kategori:Led Zeppelin-songar Kategori:Songar frå 1969 Kategori:Jimmy Page-songar Kategori:Robert Plant-songar Kategori:Tori Amos-songar Kategori:Duran Duran-songar