«Living Loving Maid (She's Just a Woman)» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin frå albumet deira Led Zeppelin II i 1969. Han vart òg gjeven ut som B-side til singelen «Whole Lotta Love». Songen handlar om ein groupie som plaga bandet tidleg i karrieren deira.Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9. På den originale britiske trykkinga av Led Zeppelin II hadde songen tittelen –Living Loving Wreck (She's a Woman), der «Wreck» vart erstatta med «Maid» i USA og seinare utgjevingar.
Det vert ofte sagt at dette er gitarist Jimmy Page sin minst likte Led Zeppelin-låt, og han vart derfor aldri spelt på konsertar, delvis fordi songen vart skriven for å fylle albumet med nok songar, og fordi den dåverande kjærasten til Jimmy Page, Charlotte Martin, fann han støytande. Sjølv om songen aldri vart spela, var det ein enkelt gong i Düsseldorf der ein kort bit av songen vart spela rett etter songen «Heartbreaker» den 12. mars 1970. Det er òg ein av få Led Zeppelin-songar der Page song korvokal. Songaren Robert Plant likte derimot songen og tok til å spele han på soloturneen sin i 1990.
Songen vert ofte spela rett etter songen «Heartbreaker» på radio, sidan dei glir direkte over i kvarandre.
Medverkande Robert Plant - vokal Jimmy Page - gitarar, korvokal John Paul Jones - bassgitar John Bonham - trommer
Andre versjonar 1970: The Churchills (singel) 1988: Gang Green (singel) 1989: Robert Hardesty & the Del Reys (The Song Retains the Name) 1990: Dread Zeppelin (Un-Led-Ed) 1999: Great White (Great Zeppelin: A Tribute to Led Zeppelin) 2000: Doxomedon (Dead Zeppelin: A Metal Tribute to Led Zeppelin) 2002: The Section (The Stringkvartett Tribute to Led Zeppelin, Vol. 2) 2006: The Rockies (The Music of Led Zeppelin) 2006: Studio 99 (Led Zeppelin: A Tribute)
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Living Loving Maid (She's Just a Woman)» frå , den 23. mars 2011. oppgav desse kjeldene: Welch, Chris (1998) Led Zeppelin: Dazed and Confused: The Stories Behind Every Song, ISBN 1-56025-818-7
Kategori:Led Zeppelin-songar Kategori:Jimmy Page-songar Kategori:Robert Plant-songar Kategori:Songar frå 1969