mini|Inndelingar av verda rundt 500. < 500-talet > markerer slutten på den klassiske oldtida i Europa og byrjinga på mellomalderen, og nedgangstider for det mektige indiske Guptariket. Det persiske Sasanide-dynastiet hadde derimot ei stordomstid, og Kina blei gjenforent til eit storrike under Sui-dynastiet.

mini|Fat frå Sasanide-dynastiet med bilde av Khosrau I. Viktige hendingar Klimaendringa i 535-536 gav uvanlege vêrtilhøve og uår på den nordlege halvkula. Pestar herja Søraustasia og Romarriket, det sistnemnde etter eit utbrot av byllepest i Konstantinopel.

Afrika Store delar av Nubia blei omvendt til koptisk kristendom.

Asia Kongeriket Funan døydde ut Zen-buddhismen kom inn i Vietnam frå Kina. Buddhismen blei innført til Japan frå Baekje i Korea i 552 og bidrog til endringane i Asukatida. Buddhistiske jatakaforteljingar blei omsette til persisk etter ordre frå den parsiske kongen Khosrau I av Persia.

mini|Bronseplate frå 500-talet funne på Øland. Europa Silkevegen strekte seg lenger inn i Europa. Akademiet i Aten blei nedlagd av Justinian av Romarriket. Dei siste lærarane der drog til Persarriket. Karantania, den første stabile og sjølvstendige slaviske staten, blei grunnlagd. Skottar utvandra frå Irland til Kaledonia (Skottland)

Viktige personar Aryabhata, indisk matematikar Pave Gregor den store (590–604) Gregorius av Tours (ca. 538-594?) Jordanes, romersk historikar Justinian av Romarriket (527-565) Khosrau I av Sasanidedynastiet

Kultur Dionysius Exiguus grunnla kalendersystemet Anno Domini, som er basert på Jesus sin fødsel og legg grunnlaget for den julianske og gregorianske kalenderen, i 525. Backgammon (nard) blei oppfunne i Persia av Burzoe. Sjakk i form av tsjatoranga kom til Persia frå India og gjekk gjennom ulike endringar. Bysantinarriket fekk silketeknologi frå Kina.

05