«The Crunge» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin frå albumet Houses of the Holy i 1973. Han vart òg gjeven ut som B-side til «D'yer Mak'er».

Oversyn Songen utvikla seg frå ein jam i studio. John Bonham starta rytmen, John Paul Jones kom inn på bass, Jimmy Page spela eit funk-gitarriff (og ein akkordsekvens han hadde eksperimentert med sidan 1970), og Robert Plant starta å synge.Intervju med Jimmy Page ; Guitar World 1993Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.

Songen er ein leik med funkstilen til James Brown, på same måte som «D'yer Mak'er» var eit eksperiment med reggae. Sidan dei fleste tidlege studioinnspeilngane til James Brown vart spela inn utan at dei øvde noko særleg på songane først, gav han ofte retningslinjer til bandet i songen, som til dømes «take it to the bridge» - mellomspelet i songen. Plant refererer til dette i slutten av denne songen då han spør «Where's that confounded bridge?». Songen inneheld òg referansar til songar skriven av Otis Redding, særleg «Respect» (seinare meir kjend med Aretha Franklin) og «Mr. Pitiful».

Før 1975 vart «The Crunge» berre spela på konsertar som ein del av medleyen med «Whole Lotta Love» og i 1972 som ein del av «Dazed and Confused». Eit døme på dette finst på How the West Was Won. På turneen i USA i 1975 vart derimot songen framført fleire gonger, ein funk-jam som knytte «Whole Lotta Love» til «Black Dog» mot slutten av konserten.

Bassisten John Paul Jones reknar dette som ein av favorittsongane hans av Led Zeppelin

Songen vart gjeven ut som singel i Uruguay i 1973 med «D'yer Mak'er» som B-side.

Taktart Noko av humoren i songen kjem av dei stadig endrande taktartane James Brown nytta. Ein måte å telje taktane i songen er:

Intro: 1 x 9/8

Del 1: 7 x 9/8 (eller 4/8 + 5/8) 1 x 8/8 (eller 4/8 + 4/8) Del 2: 3 x 4/4 1 x 5/8 1 x 2/4 3 x 4/4 1 x 5/8 1 x 2/4 3 x 4/4 1 x 2/4 1 x 2/8

så går ein attende til Part 1, og det heile vert repetert.

Medverkande Robert Plant - vokal Jimmy Page - gitarar John Paul Jones - bassgitar, synthesizer John Bonham - trommer

Andre versjonar Albumversjonar 2004: The Bacchus Brothers (Funky! Alien! Booty!) 2005: Joshua Redman (Momentum) 2008: Gov't Mule (Holy Haunted House [konsert 2007])

Samplingar 1985: Double Dee and Steinski («Lesson 3: The History of Hip-Hop Mix») 1989: De La Soul («The Magic Number») 1997: Fatboy Slim («Going out of My Head») 1998: Jurassic 5 («Lesson 6: The Lecture») 2005: Devil May Cry 3: Dante's Awakening

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «The Crunge» frå , den 26. mars 2011. oppgav desse kjeldene: Lewis, Dave (2004) The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, ISBN 0-7119-3528-9 Welch, Chris (1998) Led Zeppelin: Dazed and Confused: The Stories Behind Every Song, ISBN 1-56025-818-7

Kategori:Songar frå 1973 Kategori:Led Zeppelin-songar Kategori:Singlar frå 1973 Kategori:Songar skrivne av Jimmy Page Kategori:Songar skrivne av John Bonham Kategori:Songar skrivne av John Paul Jones Kategori:Songar skrivne av Robert Plant Kategori:Songar produserte av Jimmy Page Kategori:Atlantic Records-singlar