«Boogie with Stu» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin frå albumet Physical Graffiti, frå 1975. Han vart spelt inn under ein jam i 1971 i Headley Grange, der bandet spelte inn det meste av det fjerde albumet sitt. Dei nytta Rolling Stones Mobile Studio og hadde med seg turnemanageren og pianisten til Rolling Stones, Ian Stewart, som jamma med bandet på piano.Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.

I følgje Led Zeppelin-gitaristen Jimmy Page hadde songen aldri kome til om det ikkje hadde vore for den uformelle atmosfæren i Headley Grange det han vart spelt inn:

Arbeidstittelen for songen var «Sloppy Drunk», ein tittel vokalist Robert Plant kom på.

Plant spelar visstnok gitar på songen (og Jimmy Page mandolin).Led Zeppelin: Dazed and Confused: The Stories Behind Every song, by Chris Welch, ISBN 1-56025-818-7 Ein av gitarane vart lagt på sidan med ein ARP gitar-synth.

Den endelege songen var basert på Ritchie Valens sin «Ooh, My Head». Songen vart tilskriven «Page/Plant/Jones/Bonham/Mrs. Valens/Ian Stewart». Forlaget til Valens, Kemo Music, sakskøte bandet for brot på opphavsretten og det enda med forlik i retten.Lehmer, Larry. The Day the Music Died: The Last Tour of Buddy Holly, the Big Bopper and Ritchie Valens (2004): 166 Som Page forklarte:

Songen vart aldri framført på konsertane til Led Zeppelin.

Medverkande Robert Plant - vokal, akustisk gitar Jimmy Page - mandolin John Paul Jones - bassgitar John Bonham - trommer Ian Stewart - piano

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Boogie with Stu» frå , den 26. mars 2011. oppgav desse kjeldene: Lewis, Dave (2004) The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, ISBN 0-7119-3528-9 Welch, Chris (1998) Led Zeppelin: Dazed and Confused: The Stories Behind Every Song, ISBN 1-56025-818-7

Kategori:Songar frå 1975 Kategori:Led Zeppelin-songar Kategori:Songar skrivne av Jimmy Page Kategori:Songar skrivne av Robert Plant Kategori:Songar skrivne av John Paul Jones Kategori:Songar skrivne av John Bonham Kategori:Songar produserte av Jimmy Page