The Honeydrippers: Volume One er ein EP gjeven ut den 24. september 1984, av eit band leia av rockesongaren Robert Plant. Prosjektet kom til då direktøren i Atlantic Records, Ahmet Ertegün, ønskte å spele inn eit album med favorittsongane sine frå 1950-åra. Plant vart vald ut fordi Ertegün hadde sett band hands The Honeydrippers spele standardlåtar frå 1950-åra. Med seg i bandet hadde Plant frontmannen i Chic, Nile Rodgers, og dei tidlegare Yardbirds-gitaristane Jeff Beck og Jimmy Page—sistnemnde òg gitarist i Led Zeppelin i lag med Plant.

Til Plant sin store skrekk vart «Sea of Love» den mest seljande singelen til Plant nokon gong. I følgje Plant var det «Rockin' at Midnight» som skulle vere singel med «Sea of Love» som B-side. Singelen vart snudd fordi radiostasjonane spelte «Sea of Love» langt meir enn «Rockin' at Midnight». Plant frykta at karrieren hans var over på grunn av dette og at folk no ville sjå på hans om ein «smørsongar», i staden for ein rockesongar. Som følgje av dette omtalte Plant The Honeydrippers som «lagt på is» når han vart spurt om prosjektet i ettertid.«Rockin at Midnight» er ein ny versjon av Elvis Presley sin «Good Rockin' Tonight».

Albumet vart gjeven ut på ny i 2007 med bonusspor. Plant og Ertegün diskuterte høvet til å gjere eit nytt Honeydrippers-album, men då sistnemnde døydde i desember 2006 vart dette skrinlagt.

Innhald

Lister Liste (1984)Topplassering US Billboard 2004 Den svenske albumlista44Den britiske albumlista56 Den kanadiske albumlista1 US Billboard Top R&B Albums67 Den tyske albumlista40

Medverkande Robert Plant - Vokal Jeff Beck - gitarar ( «I Got a Woman» og «Rockin' at Midnight») Jimmy Page - gitarsoloar ( «Sea of Love» og «I Get a Thrill» ) Wayne Pedziwiatr - bass Nile Rodgers - gitar, produsent Paul Shaffer - klaverinstrument Dave Weckl - trommer

Produksjon Produsentar: Nugetre (Ertegun stava baklengd), the Fabulous Brill Brothers (Page, Plant og Nile Rodgers)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «The Honeydrippers: Volume One» frå , den 29. mars 2011. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Robert Plant-album Kategori:Jimmy Page-album Kategori:Jeff Beck-album Kategori:Album produserte av Jimmy Page Kategori:Album produserte av Nile Rodgers Kategori:Musikkalbum frå 1984