Nantong (hanzi 南通, pinyin Nántōng) er eit byprefektur søraust i provinsen Jiangsu ved den kinesiske kysten mot Gulehavet. Byprefekturet har eit areal på 8 001 km2, folketalet vart i 2008 berekna til 7 737 900. Innanfor bygrensene budde 611 736 menneske. Prefekturet ligg på nordbreidda for utløpet av storelva Chang Jiang.
Nantong består av to bydistrikt, fire byfylke og to fylke.
Næringsliv Nantong har eit næringsliv prega av landbruk. Bomulls- og særleg næringsmiddelindustrien sysselset mange. Mange arbeider i sjølve jordbuket. Elektronikkindustrien er stor, mellom anna finst i Nantong den største produsenten av elektrolysekondensatorar i Kina.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Nantong» frå , den 29. mars 2011. Denne artikkelen bygger på «Nantong» frå , den 29. mars 2011.
Kategori:Byar i Jiangsu