Fôrskolm (Lathyrus sativus) er ein vanleg belgplante som blir dyrka i Asia og Aust-Afrika, og eten av både menneske og husdyr. Han er ein spesielt viktig plante i område som er utsett for tørke og hungersnaud, og blir sett på som ei «forsikring» sidan han ofte gjev stabile avlingar sjølv når alle andre avlingar sviktar.
mini|venstre|Blomen av fôrskolm. Fôrskolm blir også eten i Italia og Spania, der mjøl frå belgfrukta blir brukt i den tradisjonelle retten gachas manchegas.
Å eta større mengder fôrskolm over lengre tid kan vera skadeleg. Frøa inneheld variable mengder av aminosyra ODAP, ei nervegift.
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Lathyrus sativus» frå , den 31. mars 2011.
Bakgrunnsstoff
kategori:Erteblomfamilien kategori:belgfrukter Kategori:Medisinplantar Kategori:Giftige plantar