Søren Hess Lem Hille () var ein apotekar og stortingsmann frå Leikanger i Sogn. Arnoldus og Wollert Hille var brørne hans.
Hille var son til ein proprietær. Sjølv vart han cand. pharm. i 1859. Deretter arbeidde han på apotek i Bergen og i Namsos. Frå 1865 livnærte hans eg som apotekar i Risør. Han var medlem av bystyret i Risør frå 1869, ordførar i nokre år.
Hille var Risør sin representant på Stortinget frå 1880 til -84. I den fyrste perioden var han medlem av vegkomiteen, 1883-84 av jarnbanekomiteen.
Han døydde heime i Risør i 1884.
Kjelder Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Norske apotekarar Kategori:Stortingsrepresentantar 1880-1882 Kategori:Stortingsrepresentantar 1883-1885 Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Stortingsrepresentantar for Aust-Agder Kategori:Ordførarar i Risør Kategori:Folk frå Leikanger