Christian Wilhelm Wisbech () var ein norsk marineoffiser og stortingsmann frå Bergen. På Stortinget representerte han Høgre.
Wisbech blei fødd i Bergen som son til dåverande stasfysikus (lege) Christian Wisbech og kona Alida Brunchorst. Han gifta seg med Thora Heiberg.ofstad.info
Sjølv gjekk han inn i marinen, der han gjekk den militære høgskulen. Etter i 1856 hadde fullført skuletida vart han sekondløytnant og lærar ved sjøkadettinstituttet. Utnemnd til premierløytnant i 1863, og tøymeister i marinen i 1870. Frå 1875 var han kaptein, rykte opp til kommandørkaptein i 1885 og kommandør i 1893. Ved det siste opprykket forlet han stillinga som tøymeister, og vart i staden sjef for det sjømilitære korpset. I si offiserstid var han medlem av fleire kommisjonar. Mellom anna var han frå 1882 formann i marinen sin artilleri- og fortskommisjon, der han hadde vore medlem sidan 1867.
Wisbech var 4. representant frå Jarlsberg og Larviks amt på Stortinget 1883-85 og 3. representant i perioden 1889-91, heile vegen medlem av militærkomiteen. Også for den mellomliggande perioden var han vald til tingmann, det valet vart forkasta av Stortinget med 73 røyster mot 35.Christian Wilhelm Wisbech – Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste (NSD) Han var i mange år medlem av bystyret i Horten, ordførar 1880-81. Ei tid var han formann i fattigstyret i byen.
Wisbech døydde i Horten i 1897.
Kjelder
Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Kategori:Stortingsrepresentantar 1883-1885 Kategori:Stortingsrepresentantar 1889-1891 Kategori:Stortingsrepresentantar for Vestfold Kategori:Stortingsrepresentantar frå Høgre Kategori:Norske offiserar Kategori:Folk frå Bergen Kategori:Folk frå Horten