Magnus Gothilf Oppen () var ein norsk trelasthandlar, skipsbyggjar og stortingsmann for Høgre, fødd i Elverum. Han var far til Magnus H. Oppen.

Oppen var son til ein offiser. Han var først sjømann, sidan gjekk han skule i England og Frankrike, der han lærte språk og studerte skipsbyggjing. Sidan arbeidde han fem år på eit skipsreiar- og trelastkontor i Noreg. Frå 1860 dreiv han med eksport av trelast frå eige sagbruk i Tjølling. I 1865 byrja han i tillegg med skipsbyggjing i same heradet. Største skipet han bygde, eit seglskip i tre kalla «Excelsior» var på 1 400 tonn.

Han var medlem av heradsstyret i Tjølling frå 1872 til -90, i fjorten av åra var han ordførar. Elles formann i Norsk Skibsrederforening i mange år.

Oppen representerte Jarlsberg og Larviks amt på Stortinget 1889-91 og 1900-06. På alle tre tingsamlingane var han medlem av tollkomiteen. Elles var han medlem av særkomiteen om sjødugleiken til skip 1901-02 og av valkomiteen 1903-06.

Han døydde på garden sin, Gloppe i Tjølling, i 1913.

Kjelder Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914

Kategori:Stortingsrepresentantar 1889-1891 Kategori:Stortingsrepresentantar 1901-1903 Kategori:Stortingsrepresentantar 1904-1906 Kategori:Folk frå Elverum Kategori:Folk frå Larvik